Publisert: , Oppdatert:
- Solveig Moe Frøland

Kystverkets verksemdsstrategi

Transportpolitiske mål, globale berekraftsmål, oppdrag og regelverk gjev rammer for kva vi skal gjere. Verksemdsstrategien fortel korleis vi skal jobbe – ikkje alt vi gjer eller alt vi kan. Den skal hjelpe oss å stille dei rette spørsmåla og ta framtidsretta vegval.

Kystverkets verksemdstrategi 2021–2025

Kystverkets strategiske mål konkretiserer kva vi må gjere for å bidra til å oppfylle samfunnsoppdraget og dei nasjonale måla som er gitt i Nasjonal transportplan. Strategiane fortel korleis vi skal jobbe for å nå desse måla. Dei skal vere hjelpemiddel og verktøy for overordna planlegging og prioritering. Dei skal fungere som ei sjekkliste og kontrollspørsmål når vi tek strategiske vegval, driv langtidsplanlegging og må prioritere ressursar i årlege budsjett.

Siste nytt