Hopp direkte til innhold

Konseptvalutgreiing Stad skipstunnel

Kystverket har på oppdrag frå Fiskeri- og kystdepartementet gjennomført ei konseptvalutgreiing av Stad skipstunnel. Denne utgreiinga skal no gjennom ei ekstern kvalitetssikring (KS1).

Ein skipstunnel gjennom Stadtlandet har blitt utgreidd i fleire omgongar, både på 1990-talet og 2000-talet. Konseptvalutgreiinga i 2010 er gjort av Det Norske Veritas og Samfunns- og næringsforskning AS, og er ei vidareføring av ei utgreiing som vart starta i 2007.

Utgreiinga anbefalar ut frå ei heilheitsvurdering å ikkje bygge ein skipstunnel gjennom Stadlandet. Dersom ein skipstunnel skal byggjast, anbefalar den at ein går for løysinga Liten skipstunnel.

Reverseringa i anbefalinga frå 2007 har mellom anna si forklaring i at både potensiell ventetid for skip ved Stad og risikoanalysen har blitt nedjustert. Ulempene/kostnadane ved tiltaket vert for høge i høve til fordelane/nytten.

Til toppen