Hopp direkte til innhold

Varsel om oppstart av reguleringsplaner i kommunene Ålesund, Giske, Herøy og Ulstein – Erknefluda, Nordtaren, Skarvøyflua, Djupefluda, Skinnabrokleia, Svædet og Kyrkjefluda

Iht. plan- og bygningslova § 12-1 og § 12-8 varslast det om at det er igangsett arbeid med reguleringsplanar for utbetring av farleia mellom Herøy/Ulstein til Ålesund.

Dette varselet gjeld 4 reguleringsplanar i Ulstein, Herøy, Giske og Ålesund kommune.

Kystverket er forslagsstillar og Multiconsult er plankonsulent. Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for å utdjupe grunner langs farleia slik at båtar kan ferdast med større sikkerheit. Planarbeida er ein del av fleire nødvendige detaljreguleringar langs farleia, frå Røyrasundet i sør til Ålesund i nord.

Reguleringsplanane er tenkt utført med heimel i pbl. § 3-7. Overføring av planførebuing til statleg eller regional myndigheit. Dette inneberer at Kystverket, i samråd med planmyndigheita, kan fremje forslag til arealplan og vedta å legge planane ut til offentleg ettersyn.

Massane frå utbetringa er planlagt lagt i deponi. Kystverket ønskjer å planlegge for sjødeponi samtidig som at moglege deponi på land vurderast.

Til toppen