Hopp direkte til innhold

Kystverkets historie

Kystverket er ein ung etat, men med lange og stolte tradisjonar.

Kystverket si oppgåve har vore å ta vare på sikkerheita og framkoma langs kysten av Noreg. Oppgåvene har vore løyst ved å byggje ut og halde i stand ein maritim infrastruktur, og tilby ulike maritime tenester. Det vi i dag kjenner som etaten Kystverket, er ei sammeslåing av det tidlegare Fyrvesenet, Losvesenet, og noko av myndigheita frå Havnevesenet.

I dag er det Kystverkets eige etatsmuseum som har ansvar for å dokumentera og formidla denne historia. 

  • Fyrhistorie

    Første gangen vi høyrer om eit konkret sjømerke i Noreg, er heilt tilbake i sagatida. I 869 bygde Floke ein varde, som seinare er kjent som Ryvarden. Sikrare kjelder om sjømerking finn vi først på 1600-talet.  

    Lyset ved Lindesnes fyrstasjon vart første gang tent i 1652. Etter to sesongar vart fyret sløkt. Lindesnes fyr vart tente igjen i 1725. I mellomtida var det bygd fleire fyr langs kysten. Færder kom i 1697, og Kvitsøy og Høgevarde i 1700. Alle vart drivne av private, basert på privilegium.

    I 1841 vart Fyrdirektoratet oppretta. I løpet av ein periode på 40 år vart det bygd over 100 bemanna fyrstasjonar.

    Etter at stein lenge hadde dominert som byggemateriale, stod det første støypejernstårnet ferdig på Egerøy i 1854. Seinare vart sement og betong tatt i bruk, og meir robust materiale førte til at ein kunne bygga fyranlegg på meir utsette og vêrharde stader.

    Kvaliteten på fyrbelysninga vart stadig forbetra. I 1897 kunne det første elektriske fyret tennast på Ryvingen fyrstasjon. I 1883 var gassoljebrennaren ein realitet, og dermed var det mogleg å oppføra mange fyrlykter utan fast tilsyn.

    Den teknologiske utviklinga førte til at det ikkje var same behov som tidlegare for å ha bemanna fyrstasjonar, og stadig fleire stader vart bygningane ståande tomme. Den siste fyrstasjonen vart avbemanna i 2006.

  • Loshistorie

    Dei første avgjerdene om losverksemd stammar òg frå Magnus Lagabøters by- og landslover frå slutten av 1200-talet. Likevel er det først etter den nordiske krigen, som herja tidleg i det attande århundret, at eit organisert losvesen voks fram.

    Etter ti år i krigsteneste i flåten, mellom anna under Tordenskjolds leiing, fekk Gabriel Christiansen aksept for å tufta eit sjølvstendig losvesen i Noreg. Den første norske losforordning gjaldt i 1720.

    Sjølv om losvesenet vart organisert i statleg regi, vart ikkje vilkåra for dei enkelte lósane særleg betra. Dei konkurrerte om oppdraga – den som ”kapra” innkommande skip først fekk losoppdraget. Slik var lósane sjølv ansvarleg for si eiga inntekt, medan det offentlege fastsette reglar, gebyr og sertifiserte lósane. Farvasskunnskapen vart ervervet gjennom eiga erfaring, så vel som overføring innover i familiar. Losyrket gjekk nemleg ofte i arv ved at son følgde far i tenesta. Slik vart losverksemda driven, utan betydelege endringar fram mot slutten av det nittande århundre.

    Assosiasjonsånda som bredde seg i landet dei siste tiåra på 1800-talet, nådde òg losvesenet. Færderlosenes foreining vart stifta i 1889. Fanesaka deira var å revidera losloven, slik at konkurranselosingen vart mjuka opp ved å innføra losing til felles kasse. Etter 10 års kamp kom gjennombrotet – felleskasseprinsippet fekk aksept. Dette innebar at lósane samarbeidde om vakthold, skøytedrift og delte fortenesta innover i loskretsen.

    Det tok tid før felleslosningen gjorde seg gjeldene over heile landet, men i 1925 var prinsippet innført. Først i 1948 vart Losdirektoratet oppretta, og lósane vart statstenestemenn. Seinare tok Staten over eigedomsretten til losbåtane, og offentlege losbåtførarar vart tilsette. Ikkje før i 1980 fekk lósane sin betaling gjennom regulativlønn.

  • Hamnehistorie

    Statens Havnevesen vart etablert i 1841. Den første tida var etatsverksemda primært knytt til kontroll og myndeutøving på eit overordna nivå og representasjon i kommunale hamneadministrasjonar.

    Først då hamnedirektør Oluf Roll tredde inn stillinga i 1861 (og stod i posten til 1897), vart det etablert ei eiga entreprenøravdeling med sikte på å bygga hamner for fiskeria. Medan det i perioden 1842-72 vart etablert 30 hamneanlegg, vart det i dei følgjande 40 åra bygd heile 300 nye. Dei årlege budsjetta vart nesten tidobla i denne perioden.

    Ein avgjerande faktor for dette var skipinga av ”Havnefondet” i 1873. Dette vart bygd opp gjennom ei lovpålagt eksportavgift på fiskeprodukt. Bruk av middel frå fondet vart øyremerkt til fiskeriretta utbygging (fiskerihamner). Sidan avgifta inntil 1908 berre vart innkravde frå Rogaland og nordover, kunne investeringar med trygd i fondet til då berre skje vest- og nordpå. Staten skaut inn middel, lenge 1/3 av det som vart tatt frå fondet.

    I alt er det bygd nær 800 statlege fiskerihamner, og verdien på innvesteringane vart i 1988 anslått til å vera på 7-8 milliardar kroner.

    Dei statlege fiskerihamnene ligg spreitt langs heile kysten av Noreg, og varierer mykje både i storleik, plassering og bruksintensivitet. Mange ulike aktørar har interesser i fiskerihamnene. Kystverket er naturleg nok ein av dei sentrale aktørane, både som forvaltar av den privatrettslege eigar- til staten og bruksrettar og som offentleg forvaltningsmynde etter hamne- og farvasslova.

  • Nyare historie

    I 1974 vart Norsk Fyrvesen, Norsk Losvesen og Norsk Havnevesen slegne saman til ein statleg etat med namnet Kystdirektoratet. I 1981 vart omgrepet Kystverket teke i bruk, samstundes med oppbygginga av distriktsorganisasjonen med regionale distriktskontor.

    Regionkontora vart nedlagde ved inngangen til 2021, då ein gjekk over til funksjonsorganisering av etaten. Men lokasjonane består. Kystverket er framleis til stades over heile landa - frå Arendal i sør til Honningsvåg i nord.

    Kystverket vart frå 1981 nemninga på etaten i heilskapen sin, medan Kystdirektoratet var den leiande eininga, direkte laga under Fiskeri- og kystdepartementet.

    I 2002 vart direktoratet flytta frå Oslo til Ålesund. Distriktskontora fekk spesialansvarsområde, i form av kompetansesenter for ulike fagområde i etaten. Kystverket Rederi, lokalisert i Ålesund, vart skilt ut som eiga eining.

    Beredskapsavdeling for akutt forureining - tidlegare ein del av Statens Forurensningstilsyn (no  Miljødirektoratet) - vart i 2003 ein del av Kystverket. Avdelinga har sitt hovudsete i Horten, med utestasjonar i Bergen og Tromsø. Ho vart organisert som del av Kystdirektoratet.

    I 2007 gjekk ein vekk frå nemninga Kystdirektoratet. I staden vart det no heitande Kystverkets hovudkontor. Samstundes skifta distrikta namn til regionar.

    I 2013 kom Kystverket inn under Samferdselsdepartementet.

    Regionkontora vart nedlagde ved inngangen til 2021, då ein gjekk over til funksjonsorganisering av etaten. Dermed forsvann òg omgrepet Kystverkets hovudkontor. Heile etaten er no eit direktorat underlagt Samferdselsdepartementet.

    Men lokasjonane består. Kystverket er framleis til stades over heile kysten - frå Arendal i sør til Honningsvåg i nord.

    I samband med regjeringsskiftet i 2021 vart ansvaret for Kystverket flytta frå  Samferdselsdepartementet til Nærings- og fiskeridepartementet (fiskeri- og havministeren, gjeldande frå 22. oktober 2021).

    Kystverket er i namnet ein ung etat, men han har lange tradisjonar gjennom forgjengarane; Fyr- og merkevesenet, Losvesenet og Havnevesenet.

  • Sjøtrafikksentralane si historie

    Sjøtrafikksentralane driv trafikkontroll og trafikkovervaking av skipstrafikken langs Norskekysten. Utprøving av organisering av sjøtrafikken frå land byrja allereie i 1920-åra i tett trafikkerte hamneområde i USA. Kommunikasjonen var avgrensa til visuell- og radiokontakt.

    Overkommandoen i den britiske marinen sette i 1946 i gong eit forsøk med radarovervaking frå hamna i Liverpool. Denne bruken av landbasert radar skulle vise seg å ha stor nytteverdi, også til sivile føremål. Utover 1950-talet blei radar kombinert med radiokommunikasjon nytta for å overvake og å rettleie skip i hamneområde. Dette blei utgangspunktet for den moderne sjøtrafikksentralen.

    Den første sjøtrafikksentralen i Norge blei oppretta i 1978 i Brevik. Utgangspunktet var at talet på ulykker i innseglinga til Grenland var aukande, sjølv med fyrmerking og losteneste i området. Ein sjøtrafikksentral skulle overvake og rettleie denne skipstrafikken der skipa ofte var lasta med risikolast på veg til og frå Norsk Hydro sine petrokjemiske anlegg. Erfaringane frå Brevik viste ein tydeleg nedgang i ulykker etter opprettinga av trafikksentralen.

    Påfølgjande offentlege utreiingar tilrådde å etablere sjøtrafikksentralar i dei mest trafikkerte områda i Norge: Oslofjorden, Rogaland og Fedje. Seinare blei trafikksentralar etablert på Fedje (1992), i Horten (1996) og på Kvitsøy (2003). Vardø sjøtrafikksentral blei oppretta i 2007 og har eit ansvarsområde som strekker seg frå Barentshavet i aust til Lofoten i vest.

    Sjøtrafikksentralen koordinerer ulike tenester for skipstrafikken innanfor navigasjon, trafikkreguleringog informasjonsformidling (vêrvarsling, trafikkinformasjon m.m.). Ein mykje brukt forkorting for sjøtrafikksentralane sine tenester er VTS - Vessel Traffic Services.

    Den einskilde trafikksentralen har til ei kvar tid oversikt over eit bestemt ansvarsområde ved hjelp av radio, radar, AIS (Automatic IdentificationSystem) og har visuell kontakt med skipa i nærleiken av sentralen. Dei maritime trafikkleiarane ved trafikksentralane skal med dette vere i stand til å sjå risikosituasjonar på førehand, og ut i frå dette setje inn tiltak for å unngå ulykker.

    Det har skjedd få ulykker i ansvarsområda til sjøtrafikksentralane, og betrakteleg fleire har vore unngått som følgje av tenesta dei yter. Ved ulykker har personalet ved sjøtrafikksentralane raskt sett i gong redningsaksjonar, og har såleis unngått tap av menneskeliv.

    Forfatter: Eirik Gurandsrud, Kystverkmusea/Jærmuseet.

  • Norsk oljevernberedskaps historie

    Fra 1950 til 1970 økte verdens forbruk av olje med 340 %. Oljen ble transportert over verdenshavene fra produsent-landene til forbrukerlandene i stadig større oljetankere. Mange fryktet at det bare var et tidsspørsmål før forurensningskatastrofer ville inntreffe.

    Den første internasjonale konvensjonen om hindring av oljeforurensing på sjøen ble undertegnet i London i 1954. Den trådte i kraft fire år etter.

    Fremveksten av petroleumsindustrien i Norge

    Allerede i 1966 begynte prøveboring etter olje og gass på norsk kontinentalsokkel. Det skulle ta tre år før det første store funnet ble gjort, på Ekofisk-feltet.  Før testproduksjonen startet i 1971, hadde norske mydigheter vedtatt en lov om vern mot oljeskader. Et Oljevernråd fikk ansvaret for å samordne landets beredskap mot oljeskader.

    Organiseringen av oljevernberedskapen hadde vært drøftet i flere år da Statens forurensingstilsyn (SFT) ble opprettet i 1974. Samme år ble oljevernberedskapen omorganisert. Miljøverndepartementet fikk det samlede ansvaret. En stortingsmelding om tiltak mot akutt forurensing kom i 1975. Denne forutsatte at beredskapen skulle bygges opp på tre nivåer: privat, kommunal og nasjonal beredskap.

    Blow-out 1977

    Den 22. april 1977 skjedde en ukontrollert oljeutblåsning, en såkalt blow-out,  på Bravo-plattformen på Ekofisk-feltet. En blow-out innebærer at væske (olje/vann) eller gass strømmer ukontrollert ut av ut av en oljebrønn. Om lag 10 000 tonn olje ble spylt på havet. Ekspertise måtte hentes fra USA for å stanse utblåsingen.

    Som eier av oljefeltene viste den norske staten en tydelig miljøbevissthet, men handlingsevnen var begrenset. Bravo-ulykken ble således et tidsskille i norsk oljevernberedskap. De tredelte beredskapsansvaret mellom private, kommuner og stat skulle bestå, men de private, dvs. oljeselskapene som opererte i Nordsjøen, ble tillagt større ansvar for både forebygging av og opprydding etter ulykker.

    Beredskapen dreide seg ikke bare om ansvarsfordeling og organisering - oljevernutstyret sto også sentralt i debatten som fulgte etter Bravo-utblåsningen. Odd Einar Dørum pekte i Stortingets spørretime i oktober 1979 på mangler ved oljevernutstyret:

    ”…oljevernutstyret som nå er godkjent av Statens forurensingstilsyn kan ta opp ca. 40% av oljeutslippene under gode værforhold.”

    På dette tidspunktet hadde det blitt etablert 12 oljeverndepoter langs norskekysten, disse var utstyrt med det beste oljevernutstyret som var å oppdrive på området. Men oljevernutstyret var ikke godt nok for den værharde Norskekysten.

    SFT utførte en rekke oljevernaksjoner, eksempelvis ble det bare i perioden 1989-1993 igangsatt 38 aksjoner. Fem av disse var alvorlige, som forliset til Mercantil Marica utenfor Sognekysten i oktober 1989. 420 tonn olje lekket ut og skadet 30 kilometer strandlinje. SFT fikk stadig bedre oljevern-kompetanse.

    Under Gulf-krigen i 1991 truet oljesøl et anlegg for produksjon av drikkevann og elektrisk strøm i Jubail i Saudi Arabia. Norge sendte eksperter og utstyr fra SFT for å beskytte dette viktige anlegget. Arbeidet pågikk i fem måneder og var svært vellykket.

    Norsk oljevernberedskap har blitt styrket gjennom strenge krav til operatører, økt kompetanse, og forbedret utstyr.

    Statlig ansvar til Kystverket

    Siden 2003 har Kystverket forvaltet det statlige ansvaret for norsk oljevernberedskap. De senere årene har Kystverket gjennomført store oljevernaksjoner i forbindelse med forlisene til Rocknes,  Server, Full city og Godafoss. Med økt skipstrafikk og nye oljefunn i Nordsjøen står etaten overfor store utfordringer også i framtida.

    Samlet av Eirik Gurandsrud, Kystverkmusea

Kystreise

Formidling av kystens maritime kulturhistorie i en karttjeneste.

  • Lostenesta 300 år

    Vi markerte lostenesta sitt 300-jubileum i juni og august 2021, eitt år på etterskudd.
  • Fyrstasjoner

    Gjennom historien er det bygget over 200 fyrstasjoner i Norge, men det har aldri vært mer enn drøye 150 i funksjon samtidig.
  • Fiskerihavnene

    Fiskerihavner langs kysten vår skifter nå eiere. Et nytt kapitel for en svært viktig del av kysthistorien.
Til toppen