Hopp direkte til innhold

Skalmen fyrstasjon er seld

Skalmen fyrstasjon. Foto: Frode Pilskog, Kystverkmusea/Viti

Skalmen fyrstasjon, som ligg vêrhardt til ytterst i havgapet utanfor Smøla på Nordmøre, er no seld til Andreas Bjarøy.

Skalmen fyr vart oppretta i 1907, blei automatisrt i 1988, avbemanna i 2002 og lagt ned i 2008. Sidan har fyret stått ubrukt. Forfallet gjennom desse åra har sett sitt klare preg på den vanskeleg tilgjengelege fyrstasjonen. Fuglefredingsvedtaket på øya gjer at ein heller ikkje kan gå i land der i mai, juni og juli, som er tre av dei finaste månadane å vere der, anten ein vil drive vedlikehald eller kople av frå kvardagen.

Fordi fyrstasjonen ikkje lenger har ein funksjon knytt til sjøsikkerheita, ligg så vanskeleg tilgjengeleg og har eit så stort vedlikehaldsbehov, hadde Kystverket opprinneleg planar om å rive fyrstasjonen og tilbakeføre Skalmen til naturen. Etter at både ei venneforening og andre har signalisert eit ønske om å bevare fyrstasjonen la Kystverket nyleg Skalmen fyrstasjon likevel ut for sal.

– Når vi bestemte oss for å avhende fyrstasjonen for bevaring, så er det sjølvsagt viktig for oss at den som kjøper Skalmen har ein god plan for korleis fyrstasjonen skal takast vare på. Det er altså ikkje berre salssummen som har vore viktig for oss når vi har vurdert boda som har kome inn, fortel Sven Martin Tønnessen, direktør for transport, hamn og farlei i Kystverket.

Fem ulike aktørar har bydd på fyrstasjonen. Av desse var det Andreas Bjarøy sitt bod som vart vurdert som best.

– Det har vore ein intens, men ryddig og artig prosess, som vi no er i mål med. Vi opplever at meklaren har truffe godt i annonseringa, med god hjelp av lokale og riksdekkande medier. Vi har oppnådd både ein fornuftig salssum og ein kjøpar med både noko lokal tilhøyrsle og ein god, solid og fornuftig plan for fyret framover. Vi er dermed veldig godt nøgde med resultatet av prosessen, fastslår Tønnessen.

Overtakinga av eigedommen vil finne stad noe seinare i vår.

Til toppen