Hopp direkte til innhold

Testar nye prosjekt i eigen VR-simulator

VR simulator viser en planlagt bro
Testen i VR-simulatoren såg på tre ulike case, mellom anna ei prosjektert bru i Vestland fylke.

VR-simulatoren vart utvikla for lostenesta under covid-pandemien. No er bruksområdet utvida til testing av både utdjupingsprosjekt, brubygging og nye merkeplanar – noko som vil spare både tid og pengar for Kystverket.

Lostenesta nyttar Kystverket sin eigen VR-simulator jamleg i planlegginga av avanserte losoppdrag, øving og opplæring av nye losar. Nyleg vart også reelle bru- og utdjupingsprosjekt, samt ein ny merkeplan testa ved hjelp av VR (virtual reality) på ei tverrfagleg samling i Bergen.

Fleksibelt med eige verktøy

– Fordelen med å bruka VR-simulator er at vi sjølv kan klargjere ulike scenario og teikna inn det vi vil teste. Alle data i simulatoren er oppdatert og sender sjølv merkeplanar for navigasjonsinnretningar til simulatoren frå Kystverkets fagsystem (NFS). Andre data blir henta frå opne datasett frå andre aktørar, forklarer kystdirektør Einar Vik Arset, og understrekar at VR-simulatoren sparer både tid, leige og reisekostnader for Kystverket – sidan alt blir fasilitert innomhus.

Den planlagde brua over Ytre Steinsund i Vestland fylke skal erstatte ferjesambandet Daløy-Haldorsneset.

– Det var allereie stilt krav om simulatortesting i den vedtekne reguleringsplanen for brua. Dette var derfor eit godt høve til å bruke vår eigen portable VR-simulator, seier Frank Hettervik i avdelinga for reiarlag, fyr og sjømerking i Kystverket. VR-simulatoren, som er utvikla i samarbeid med Morild Interaktiv er nemleg mobil og kan enkelt takast med på reise.

Hurtigruten i VR simulator_skjermdump.png
Hurtigruten var eitt av testfartøya i VR-simulatoren.

Segling med ulike fartøy

På testen vart det utført ulike seglingar med tre representative fartøy for farleia i Ytre Steinsund. Dette var offshorefartøyet Magne Viking, frakteskipet Wilson Hobro og sjølvaste Hurtigruten – som alle ligg inne i simulatoren frå før.

– Den mest utfordrande av desse var Hurtigruten, og vi gjorde derfor ein del ekstra seglingar med denne. I tillegg vart det utført nokre visuelle seglingar med å senda Hurtigruten på rute («på track»), spesielt for å sjå det opp mot planlagt utbyggingsprosjekt med utdjuping, fortel Hettervik.

VR-simulatoren fungerte godt for å teste reelle prosjekt, som den prosjekterte brua. I tillegg vart ei planlagd utdjuping visualisert.

– Vi ønsker å kvalitetssikre og eventuelt justere utforminga av prosjektet gjennom VR-simuleringa, slik at vi finn den mest effektive løysinga med omsyn til tryggleik, miljø og kostnader, seier Kirsten Sandvik i Kystverkets utbyggingsavdeling.

Nyttige funn og gode tilbakemeldingar

Konklusjonen er kort og greitt at VR-simulatoren fungerte svært godt til formålet. Frå Kystverket deltok lostenesta, utbyggingsavdelinga, avdeling for reiarlag, fyr og sjømerking og hav- og kystforvaltning. I tillegg deltok Eivind Birkeland frå Hurtigruten, som segla virtuelt med eit hurtigruteskip i ny planlagd merking.

– Det var veldig interessant å sjå VR-simuleringa og kor bra verktøyet er til å planlegge utbetringar og arrangering av skipsleier og sjømerke. Eg meiner jo at det også kan bli for mykje lys, spesielt på stader der ein svingar inn i eit trongt område rett før – då er det viktig at ein lett kan identifisera lysa, forklarte Birkeland.

Erfaringa hans er at viss det blir for mange lys i eit slikt område kan det fort berre bli ein «skog» av lys som ikkje er til hjelp før ein allereie har svinga inn i området.

– Men her trur eg vi er på god veg, og lysa blir plasserte på ein ryddig måte som er lett å forstå både i oppløpet og når ein svingar inn, seier Birkeland etter å ha delteke på VR-testen.

VR-simulator test nymerking av farlei ved ny bru.png
Test i VR-simulator av nymerking av farlei ved ny bru. Foto: Skjermdump av VR /Kystverket og Morild

VR-simulator bidreg til sikker seglas

Dei fleste tilbakemeldingane frå deltakarane gjekk på merking av brua, seglingsløp og dessutan behov for ekstra lys i seglingsløpet begge vegar.

– Revidert merkeplan er under utarbeiding og skal publiserast i VR-simulatoren slik at lostenesta kan teste dette vidare. Søknaden for sjølve brua er under behandling hos Kystverket. Med god merking av bru og seglingsleia vart ein etter dei virtuelle testseglingane samde om at den prosjekterte brua til Skanska ikkje medfører ei uakseptabel avgrensing eller tryggingsrisiko for dei sjøfarande, seier Lasse Tønnessen, rådgivar i avdelinga for hav- og kystforvaltning i Kystverket. 

– Det vart også avdekt ei rekke ting under testen som vi tek med i det vidare utdjupingsarbeidet, brubygging og revidert merkeplan. Vi kan vel konkludere med at VR-simulering er ei svært nyttig øving for å sikre effektiv og sikker ferdsel langs kysten, som vi kjem til å gjera meir av, avslutter Tønnessen.

Test i VR-simulator_foto Anne Grethe Nilsen.jpg
Tre frå Kystverket som deltok på test med VR-simulator - frå venstre Lasse Tønnessen, Frank Hettervik og Stian Revheim Sund. Foto: Anne Grethe Nilsen / Kystverket

Kontakt

Senioringeniør

Frank Hettervik /

Kontakt

Rådgiver

Lasse Aase Tønnessen

Kontakt

Senioringeniør

Kirsten Sandvik /
Til toppen