Hopp direkte til innhold

Trafikkleiarane fekk sjå sjølve – for betre trafikkstyring

Sjøtrafikken i Kinn, sør for Stad, blir overvaka frå Kystverket sin sjøtrafikksentral i Brevik ved Porsgrunn. Sjølv om det meste av det tekniske er på plass for fjernovervaking, er det nyttig også å ha god lokalkunnskap. Førre veke var nokre av våre sjøtrafikkleiarar på synfaring for å sjå farvatnet med eigne auge.

Dei fire kollegaene som til dagleg sit i Brevik tok turen med hurtigbåten «Fjordglytt» til Svanøy i munningen av Førdefjorden, og også ein tur med bilferja «Hornelen», som går i rute mellom Måløy, Husevåg og Oldeide. Dei hadde møter med Florø hamn og Fjord Base, ein stor forsyningsbase for petroleumsindustrien. Og møtte også Kystverket sine losar med base i Florø.

- Det er trange farvatn, dette, som krev god logistikk, kommenterer trafikkleiar Robert Isaksen. - Vi får stadfesta kor viktig det er at fartøya får god informasjon i rett tid, så ikkje uønskte situasjonar får oppstå. Vi kan gi råd om lågare fart og alternative ruter når trafikken er ekstra tett. Og vi må sørge for at forbodet mot at fartøy over 120 meter ikkje kan møtast nord for Nærøysundet og sør for Drogjeskjærsflua.

Det er slike ting trafikkleiarane har som verktøy i sitt daglege virke: Å formidle informasjon, organisere trafikken og drive navigasjonsstøtte for dei som skal navigere i sjøområdet Kinn. Slik at trafikken flyt godt og effektivt, og ikkje farlege situasjonar får oppstå. Kinn VTS er eit stort område, som er geografisk utfordrande både for radio og radar, på grunn av mange høge fjell. Å ha opplevd det frå båt sjølv er nyttig, og gir trafikkleiarane ein djupare forståing for korleis dei bør lese trafikkbildet.

 

Frå synfarginga i sjøområdet Kinn. 

Bildet øverst: F.v. trafikkleiarar John-Olav Skaali, Robert Isaksen, Gaute Fagerbakke og Jo Sølve Otterstad Johnsen.

Kinn VTS

  • Sjøtrafikksentral-tenesta Kinn VTS dekkjer primært indre lei, men strekkjer seg heilt ut til grunnlinja frå Kråkenes i nord og sørover langs grunnlinja til sørvest av Kinn.
  • I 2023 var det rundt 23 000 skipsbevegelsar her, noko som er betrakteleg meir enn den trafikken dei overvakar for Brevik VTS.
  • Sjøfarande når dei på VHF kanal 18 med kallesignal «Kinn VTS». Telefon 70 23 11 23.

 

Til toppen