Boringa skjer frå Kjøde-sida, der ein borerigg går inn i fjellet i overkant av fylkesvegen. Totalt skal Kystverket bore opp mot 1050 meter i retning nordvest, parallelt med planlagt skipstunnel. Kjerneprøvene har ein minimumsdiameter på 45 mm.
Borar for andre gong
Kjerneboringa er ei vidareføring av arbeidet som blei gjort i 2019, då ein totalt sett kom seg 800 meter inn i fjellet, men berre dryge 150 meter av desse var frå Kjøde-sida.
– Målet no er å få bora gjennom resten av tunnelen, slik at heile tunnelløpet på totalt 1700 meter skal vere kartlagt. Vi gjer dette for å ha betre kontroll på fjellkvalitet og grunntilhøve, som er eit sentralt risiko- og usikkerheitselement i prosjektet, seier prosjektleiar for Stad skipstunnel i Kystverket, Terje Skjeppestad.
Boringa, som utførast av Entreprenørservice AS, skal halde fram til litt utpå hausten. Arbeidet skal gjerast på dagtid.
Regjeringa har bedt Kystverket om å sjå på muligheiten for å redusere kostnadane med å bygge Stad skipstunnel.
– Vi jobbar kontinuerleg med å optimalisere prosjektet og redusere usikkerheit og kostnader. Kjerneboringa er ein del av dette. Greier vi å redusere risiko og usikkerheit, greier vi også å redusere kostnader, seier Skjeppestad.