Totalt er det planlagt brukt 33 milliardar kroner til Kystverket i Nasjonal Transportplan 2018–2029. Dette svarar til omlag 2,7 milliardar kvart år i planperioden. Dette er ein auke på nesten 1 milliard kroner per år, samanlikna med Kystverket sitt budsjett for 2021, sjølv når ein trekk i frå Stad skipstunnel. Skipstunnelen er ei betydeleg investering i sjøsikkerheit og framkome, og det er sett av 2,7 milliardar kroner til prosjektet i første planperiode (2022 – 2027).
Berre store prosjekt er med i planen
Samanlikna med eksisterande plandokument, inneheld komande Nasjonal transportplan to viktige endringar. For det første er det berre farvasstiltak planlagt i første planperiode (første seks år), og på over 100 millionar kroner, som er nemnt i planen. For det andre tek ein i bruk omgrepet og metoden porteføljestyring, og kontinuerlig optimalisering. For Kystverket betyr det at planen no blir meir strategisk og overordna, og det er mange tiltak som ikkje er omtalt med namn – men som likevel er med.
Det er sett av 10,1 milliardar kroner til større farvasstiltak i heile planperioden (12 år). Dette er tiltak som i hovudsak er over 100 millionar kroner, i tillegg kjem forskotering av fiskerihamner og gjennomføring av tiltak i seks fiskerihamner i Nord-Noreg. (Sjå tabell med oversikt over tiltak).
Porteføljestyring sikrar samfunnsnytte
Gjennom porteføljestyring kan Kystverket foreslå å endre rekkefølga på utforming og gjennomføring av dei store prosjekta – dersom behov, teknologiske moglegheiter og andre føresetnadar blir endra. Porteføljestyring skal kort sagt bidra til effektiv ressursbruk. Om eit prosjekt skal gjennomførast, må ein kontinuerlig jobbe med det, for å gjere prosjektet så lønsamt og nyttig som mogleg.
– Dette gir oss større handlingsrom, slik at vi kan vidareutvikle og optimalisere investeringane og dermed prioritere dei nyttigaste prosjekta. Men dette tyder også at dersom kostnadane for et prosjekt aukar og samfunnsnytta blir mindre, så kan det hende at prosjektet ikkje blir gjennomført – sjølv om det står i NTP-dokumentet, seier kystdirektør Arset.
I transportplanen er det også sett av 2,5 milliardar kroner til mindre farvasstiltak. Dette er tiltak som har kostnad under 100 millionar kroner. Desse tiltaka er altså ikkje nemnt med namn, men det er i staden opp til Kystverket å vurdere kva for tiltak som skal gjennomførast og når ein skal gjere det.
Skal gjere sjøtransporten meir attraktiv
Regjeringa har i meldinga innarbeida ein nærskipsfartsstrategi og ein nasjonal hamneplan.
– 90 prosent av samla importert og eksportert godsmengde blir frakta sjøvegen, og skadekostnader knytt til mellom anna forureining, ulykker og personskadar er små samanlikna med andre transportformer. Hovudfortrinnet ligg i frakt av store volum og tungt gods over lange avstandar, men ny kunnskap viser at også korte sjøtransporter kan være attraktive når det er nærleik mellom hamn og næringsliv, og når logistikk-kjeda elles er effektiv. Det må vi utnytte, seier kystdirektøren.
Transportplanen stadfestar i hamneplanen at ein desentralisert hamnestruktur er hensiktsmessig og må oppretthaldast. Viktige tiltak i nærskipsfartsstrategien er mellom anna gjennomføring av farvasstiltak, ein moderne og tilpassa infrastruktur, god overvaking, trygg losing, tilskot til næringa og gjennomføring av grønt skipsfartsprogram.
Støtte til næringa gjennom tilskot
Regjeringa legg opp til å vidareføre tre tilskotsordningar i planperioden, med totalt 2,5 milliardar kroner.
1. Tilskotsordninga for nærskipsfart (Insentivordninga for overføring av gods frå veg til sjø) bidreg til å nå dei transportpolitiske måla. Ordninga betrar tilgangen på sjøtransport for næringslivet og reduserer dei samla skadekostnadene frå godstransport ved å flytte gods frå vei til sjø. Denne tilskotordninga held fram på dagens nivå.
2. Tilskotsordninga for investering i effektive og miljøvennlige hamner har skal effektivisere logistikk -kjeda gjennom tiltak i hamna. Dette kan være med på å forbetre godsflyt og godshandtering, gi kostnadsreduksjonar, gi betre samspel i logistikk-kjeda og mellom transportformene, meir godsoverføring frå vei til sjø samt ha positive klima- og miljøeffektar. Denne tilskotsordninga skal aukast over tid.
3. Tilskot til kystkultur har som formål å ivareta den maritime kulturarven. Tilskotsordninga held fram på dagens nivå.
Teknologi – ein stor del av løysinga
Rett bruk av ny og eksisterande teknologi bidrar til betre tenester for næringa. Digitale tenester som SafeSeaNet, BarentsWatch og ulike e-navigasjonsløysingar skal utviklast vidare. Fokuset er effektiv drift og brukarretta tenester. Kunnskapsutvikling og innovasjon skal skje i tett samhandling med næringslivet, og både forvaltning og tenester skal bygge på oppdatert kunnskap. Det er mellom anna nemnt i transportplanen at det er naudsynt med utvikling av metodar og utstyr i nordområda for å handtere akutt forureining.
Vidare nemner regjeringa at Kystverket skal satse på lukke vedlikehaldsetterslepet på lykter og sjømerker, samstundes som installasjonane blir vidareutvikla og modernisert.
Pengane kjem over statbudsjetta
– Alt i alt er dette ein god transportplan for sjøtransporten og for Kystverket. Vi kan optimalisere drift- og vedlikehaldsnivået, realisere samfunnsøkonomisk lønsame farvasstiltak og satse på kunnskapsutvikling og betring av tenestene våre, innan mellom anna digitalisering og datadeling, fortel kystdirektøren, og legg til:
– Dette er uansett ein overordna plan med ei økonomisk ramme, der vi har fått gjennomslag for våre prioriteringar. Kystverket er likevel avhengige av dei årlege løyvingane over statsbudsjettet, så det føreset at vi spelar inn gode tiltak og leverer godt, seier kystdirektør Einar Vik Arset.
Bilder av sjøtransport, Stad skipstunnel og frå Kystverkets verksemd finn du i mediebanken vår, https://kystverket.fotoware.cloud/fotoweb/. Bilda kan nyttast fritt mot kreditering.
Meir om Nasjonal transportplan:
- Sjå eigen sak om dei mindre tiltaka: Stor prosjektportefølje med tiltak under 100 millionar kroner
- Les pressemeldinga frå Regjeringa: Sjøtransporten skal bli meir effektiv, trygg og klima- og miljøvenleg
- Her finn du stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan 2022-2033
- Regjeringas samleside om Nasjonal transportplan