Hopp direkte til innhold

Varsler oppstart av reguleringsarbeid og høyring av planprogram for Stad skipstunnel

Norconsult har på vegne av Kystverket utarbeidd planprogram for Stad skipstunnel som er lagt ut til offentleg ettersyn. Høyringsfristen er 22. oktober 2015.

Kystverket skal på oppdrag frå Samferdsledepartementet utarbeide forprosjekt, reguleringsplan og konsekvensutgreiing (KU) for Stad skipstunnel. 

Formålet med planprogrammet er å få til ein god planprosess og avklare kva tema som skal utgreiast og beskrivast. Planprogrammet legg grunnlaget for det påføljande planarbeidet. Det gjer greie for formålet med planarbeidet, kva prosess planarbeidet skal gjennom og opplegg for medverknad. Vidare skal ein fastsette mål for planarbeidet og vurderast kva utgreiingar som er naudsynt for å få fram tunellen sin konsekvens for miljø og samfunn.

Kystverket er tiltakshavar for reguleringsplan med konsekvensutreiing, mens Selje kommune er planeigar. Norconsult er konsulent for utarbeiding av planprogrammet.

Reguleringsplanen vert utarbeidd etter Plan- og bygningslova § 12-2 som ein områdereguleringsplan, og skal legge til rette for Stad skipstunnel mellom Moldefjorden og Kjødepollen. Planen omfattar tilførselsvegar, omlegging av eksisterande vegar, styringskaier samt areal til rigg og permanent/førebels massedeponi. 

Framlegg til reguleringsplan med konsekvensutgreiing er forventa ferdigstilt hausten 2016. Planframlegg og konsekvensutgreiing saman med alle innkomne merknader vert deretter sendt til Selje kommune for vidare handsaming. Etter fyrste gongs handsaming i planutvalet, vert planen lagt ut til offentleg ettersyn. Ein vil då få vera høve til å kome med merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming. 


Eventuelle innspel til reguleringsarbeidet og/eller merknader til planprogrammet kan sendast skriftleg innan 22.10.2015 til:


Til toppen