Hopp direkte til innhold

Losa verdas største kranrigg

I ein komplisert operasjon blei verdas største kranfartøy Sleipnir losa inn til Haugesund.

Utstyret bestod testen: Det spesielle med Sleipnir-oppdraget var det nye og banebrytande kartvisningsverktøyet S-100 Demonstrator som losane hadde med seg om bord.

Verdas største kranrigg, Sleipnir, på veg inn til Haugesund
– Frå land ser det kanskje ikkje så ille ut. Men vi veit kor trongt det eigentleg er på botnen, og det ser vi tydeleg på dei detaljerte 3D-karta, understrekar statslos Svein Egil Monsen
Foto: Anne Grethe Nilsen/Kystverket

– Det nye kartformatet for djupnedata «S-102» gjer at vi ser havbotnen i detalj med høgoppløyste 3D-bilder. I kombinasjon med våre elektroniske sjøkart og landinformasjon gir bildet ei enorm situasjonsforståing. Vi kunne også vise ein modell av Sleipnir i S-100 Demonstratoren, og visualisere fartøyet i alle vinklar – både før og under oppdraget, fortel statslos Modstein Hansen.

Gikk etter planen

Modstein Hansen og losformann Svein Egil Monsen manøvrerte det nye kranfartøyet Sleipnir gjennom svært tronge farvatn. S-100 Demonstratoren vart kopla direkte opp til losen sine eigne presise navigasjonssystem, og dermed fekk også losen eit tilnærma sanntidsbilde for posisjon undervegs på seilasen i verktøyet. Losane kunne fortelle at operasjonen gjekk som planlagt. Det var gode vêrforhold, alle nye system fungerte som forventa, og det var ingen overraskingar undervegs.

Stort fartøy, små marginar

– Sleipnir er det djupaste og breiaste fartøyet som nokon gong har vore inn til Haugesund. På den trongaste staden var det berre få meter klaring på kvar side. Det nye 3D-formatet gav oss ekstra sikkerheit under oppdraget, understrekar han.

Planlagt i lang tid

– Dette var ein svært komplisert operasjon som gjekk over to døgn. Difor var vi to losar, fortel Hansen. Både han og losformann Svein Egil Monsen har lang erfaring med krevjande oppdrag. Denne gongen var djupgangen den største utfordringa, og begge brukte mykje tid på å førebu seg i forkant av oppdraget.

Øvde i simulator

S-100 Demonstrator-verktøyet var svært nyttig under planlegginga, blant anna ved trening i simulator hos reiaren Heerema.

– I simulatoren testa vi kor mykje vind og strøm som var forsvarlig, og kompliserte også oppdraget med ei rekke andre utfordringar, mellom anna med to propellar ute av drift, fortel Monsen.

Reduserer risiko

Med bruk av ny teknologi som S-100 Demonstratoren, kan Lostenesta redusere risiko og utfordre eksisterande marginar for å gjennomføre meir krevjande oppdrag.

– Å kunne ta kranriggen Sleipnir heilt inn til verftet Aibel i Haugesund sparte kunden for store summar, seier Hansen.

Tidspress

I tillegg til S-100 Demonstrator nytta losane sine egne offisielle verktøy for navigasjon, og ikkje minst viktig kunnskap om lokale forhold. – Losen si oppgåve var å kvalitetssikre ruta til Sleipnir, unngå grunner og sørge for at seglinga gjekk kontrollert både inn og ut, seier Monsen.

– Med dei nye djupnekarta tilgjengelig får losen eit heilt anna bilde av tilhøva på havbotnen. Dette er spesielt viktig når vi går så nær land. På grunn av tidevass-straumen var tidspresset stort. Vi måtte raskt inn og raskt ut igjen, og det gjekk heldigvis svært kjapt, seier Monsen.

Utstyret bestod testen

– Dette oppdraget skil seg frå andre enklare losingar ved at vi må stole meir på utstyret vi tek med oss, meiner han. 

– Både tidevasstraumar, tronge sund og fleire grunner måtte forserast på ein sikker måte. Vi var derfor heilt avhengige av eit godt posisjoneringssystem som opererte uavhengig av fartøyet sine eigne system. Dette gav heile operasjonen ekstra tryggleik på at vi til ei kvar tid faktisk var der vi skulle vere, seier Hansen.

Aukar konkurransekrafta

– Sleipnir-oppdraget viser viktigheten av å kombinere losfagleg kunnskap med muliggjerande teknologi for å redusere risiko i operasjonar. Dette vil også bidra til å auke konkurransekrafta til norsk næringsliv, meiner Erik Blom, losdirektør i Kystverket.

Til toppen