Målet er at desse anlegga skal få annan bruksverdi og dermed ny aktivitet som kan kome lokalsamfunnet til gode. Fiskerihamnestatusen har gjeve avgrensingar på kva føremål hamna kan brukast til. Gjennom sal av desse hamneanlegga kan denne statusen endrast og gje alternative bruksmåtar som etablering av ny næringsverksemd og høve til fritidsaktivitetar.
Avhendingsoppdraget vert gjennomført i samsvar med det statlege regelverket for avhending. I tillegg gjeld Stortinget sine føringar, som mellom anna seier at sal av dei ikkje-næringsaktive fiskerihamnene skjer til moglege kjøparar etter følgjande prioriteringsrekkefølgje:
- Statlege institusjonar (vederlagsfri overtaking)
- Kommunale eller fylkeskommunale institusjonar (til takst)
- Foreiningar med allmennyttige føremål (til takst)
- Private (på den opne marknaden)
Kystverket har dei seinare åra avhenda fleire statlege hamneanlegg, og held fram med å avhende ikkje-næringsaktive fiskerihamner.
Status for hamner som er i avhendingsprosess:
Navn | Kommune | Fylke | Takst | Kommentar |
Valkve | Giske | Møre og Romsdal | 400.000 | Klar for privat marknad |
Haram | Ålesund | Møre og Romsdal | 600.000 | Klar for privat marknad |
Nordre Bjørnsund | Hustadvika | Møre og Romsdal | 400.000 | |
Søndre Bjørnsund | Hustadvika | Møre og Romsdal | 200.000 | Mellombels stans pga jordskiftesak |
Edøy | Smøla | Møre og Romsdal | 240.000 | Seld til Møre og Romsdal fylkeskommune |
Navn | Kommune | Fylke | Takst | Kommentar |
Halten | Frøya | Trøndelag | 100.000 | Klar for privat marknad |
Yttervågen | Osen | Trøndelag | 300.000 | Klar for privat marknad |
Nordøyan | Nærøysund | Trøndelag | 100.000 | Klar for privat marknad |
Navn | Kommune | Fylke | Takst | Kommentar |
Tind | Moskenes | 5.000 | Klar for privat marknad | |
Navn | Kommune | Fylke | Takst | Kommentar |
Store Ekkerøy | Vardø | Troms og Finnmark | 50.000 | Klar for privat marknad |
Breivik | Hasvåg | Troms og Finnmark | 100.000 | Klar for privat marknad |
Omgang | Gamvik | Troms og Finnmark | 2.000 | Klar for privat marknad |