Budsjettlekkasjane rundt Stad skipstunnel har vore kjent sidan starten av september. Med framlegginga av forslaget til statsbudsjettet for 2024 6. oktober blei det endå tydelegare. Kystverket skal ta Stad skipstunnel ut på anbod i 2024.
– Stad skipstunnel er eit svært viktig prosjekt, både for næringslivet, nærskipsfarten og tryggleiken langs kysten. Ikkje minst vil det gi ei viktig føreseielegheit for utvikling av viktige havnæringar i regionen. At prosjektet no sendast på anbod, vil vere viktig for å finne ut om det er mogleg å realisere det innanfor dei rammene som er sette. Dersom vi får inn tilbod innanfor dette, vil vi kunne starte arbeidet med å realisere skipstunnelen. Det er vårt klare mål, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap).
Regjeringa foreslår å løyve om lag 130 millionar kroner til førebuande arbeid og gjennomføring av anbodskonkurransen i 2024.
Gjennomslag for anbodsrunde
– Vi er nøgd med at regjeringa anerkjenner at dette er eit viktig prosjekt for kyst-Norge og tryggleiken for skipsfarten. Ein skipstunnel med så store dimensjonar har aldri vore bygd før og derfor har risiko- og usikkerheitsavsetningane i prisanslaga for tunnelen vore store. Vi har sagt at vi meiner det er mogleg å redusere kostnadane for prosjektet, ikkje minst i samband med reduksjon av usikkerheit. Men dei store innsparingane vil ein først få klarlagt i ein anbodsprosess og gjennom forhandlingar med entreprenørar som skal bygge skipstunnelen. Det er bra at vi no har fått gjennomslag for dette, seier fungerande kystdirektør Per Jan Osdal.
Stortinget vedtok våren 2021 at Stad skipstunnel kan bli bygd innanfor ei kostnadsramme på 4 090 millionar kroner. Dette utgjer om lag 5 060 millionar kroner i 2024-prisar.
Om tilboda frå entreprenørane ikkje kjem seg under kostnadsramma på 5,060 milliardar kroner, må i så fall prosjektet tilbake til Stortinget for å få vedteken ei ny ramme.
Stor interesse blant entreprenørar
Kystverket har i to rundar gjennomført leverandørkonferansar, begge med stor nasjonal og internasjonal interesse. Den siste ble gjennomført i månadsskiftet januar/februar, med over 160 deltakarar frå 80 ulike leverandørar og entreprenørar. Målet med leverandørkonferansane er å klargjere marknaden for ei kommande konkurransegjennomføring.
– Vi opplever stor interesse for prosjektet blant entreprenørar. Stor konkurranse vil truleg gi god effekt både for tekniske løysningar og pris seier prosjektlaiar for Stad skipstunnel i Kystverket, Terje Skjeppestad.