Hopp direkte til innhold

Status 2024: «No easy day» – Kystverket i totalforsvaret

Foto: Sjøforsvaret

Frå vår fredelege plett i nord observerer vi på litt avstand eit auka press mot demokratiske verdiar, og at den alminnelege rettssikkerheita vert utfordra. Vi ser tendensar til at tradisjonelle grenser mellom fred, krise og krig er meir uklare, og at oppfatninga av kva som er legitime og illegitime mål er i spel. Likeins kan ein sjå døme på at skiljelinjene mellom sivil og militær aktivitet er mindre tydeleg.

Ein kan hevde at delar av våre vestlege verdisett er på vikande front. Å hegne om desse verdiane gjer seg ikkje sjølv. Det føreset ei opplyst og bevisst befolkning, som forstår at politikk til sjuande og sist er ei autoritativ fordeling av ressursar, og at institusjonane våre er etablert for nettopp å sikre demokratiske rettar og plikter, rettssikkerheit og trygge liv. Demokratiet er på mange måtar ein skjør konstruksjon, som til overmål er tillitsbasert.

Det norske totalforsvarskonseptet – ein dugnad

Dette verdisettet, medrekna alle samfunnsfunksjonar, er verd å beskytte. Det same gjeld sjølvsagt den territoriale integriteten til Noreg, der Forsvaret er førstelinje. Skal eit forsvar av Noreg vere effektivt, må det understøttast av eit totalforsvar som kjenner oppgåvene sine.

Det er populært å kalle mange ting for dugnad. Totalforsvaret er faktisk eit dugnadskonsept. Det føreset at alle gode krefter spelar godt saman. Dette sivil-militære rammeverket spenner verkeleg breitt, frå Kystverket sine observante medarbeidarar i felt, via grensekontrollen til Mattilsynet eller Tolletaten, til Statsforvaltaren beredskapskoordinering, via ressursane til Politiet, DSB med blant anna ressurslageret til Sivilforsvaret, og så etter kvart over i kapasitetane til Forsvaret; eit desentralisert Heimevern, ytre Kystvakt, fly på Ørland, FOH i fjellet, eller spesialstyrkar på trening. For ikkje å snakke om næringsliv, industri og tenesteyting, og heile den norskeigde flåten med 1900 skip på alle hav. Sanitetskvinnene, Sambandstenesta eller Redningsselskapet. Kommunar og helseføretak, ikkje minst. Døma illustrerer variasjonsbreidda (og samordningsbehovet) i det vi kallar det norske totalforsvaret. Det lar seg knappast teikne i eit organisasjonskart, men vi har førestillinga om at det i hovudsak fungerer i praksis.

Vi er få innbyggarar i dette landet – og doble ressursar har vi ikkje kapasitet til. Ein sivil-militær «totalforsvarsdugnad» er derfor både kapasitetsmessig naudsynt og samfunnsøkonomisk fornuftig.

Motstandskraft gjennom samvirke

Historisk har totalforsvaret vore basert på eit tradisjonelt konsept i krig, tufta på to hovudføremål; å verne territoria og sjølvstenda til Noreg, og dermed også verne befolkninga. Det moderne totalforsvaret har hovudvekt på (å vidareutvikle) sivil støtte til forsvaret, og som del av dette, verne og styrke kritiske samfunnsfunksjonar. Vern av befolkninga er framleis den grunnleggande målsetninga. Konseptet inneber gjensidig støtte til, og samarbeid mellom, Forsvaret og det sivile samfunnet i samband med førebygging, beredskapsplanlegging, krisehandtering og konsekvenshandtering i heile krisespekteret. Frå fred via sikkerheitspolitisk krise til væpna konflikt.

Det er vanleg å dele totalforsvarskonseptet, eller samfunnsberedskapen, i statssikkerheit og samfunnssikkerheit. Statssikkerheit er å ivareta staten sin eksistens, suverenitet, territoriale integritet og politiske handlefridom. Samfunnssikkerheit omhandlar samfunnet si evne til å handtere hendingar som truar grunnleggande verdiar og funksjonar, og som set liv og helse i fare. KIKS-begrepet – Kritisk infrastruktur og kritiske samfunnsfunksjonar – har sitt utspring her, for å etablere ei meir einheitleg forståing av kva som er kritiske funksjonar i samfunnssikkerheitsmessig samanheng.

Konseptet er breitt omtala i ei rekke kommisjonsrapportar. Eit viktig premiss er forventinga i NATO om «Resillience» – motstandsdyktigheit – som heng tett saman med alliansen sine «Seven Baseline Requirements» – sju grunnleggjande krav for sivil beredskap til alle medlemsland, og våre eigne GNF – grunnleggande nasjonale funksjonar.

Samordning og samarbeid

Både forsvarskommisjonen og totalberedskapskommisjonen peikar på at ein må møte samansette trugslar med bevisst politikk, dedikerte ressursar og betydeleg tverrsektoriell samordning – mellom departementa, mellom statlege verksemder (og internt i verksemdene), mellom statsforvaltarar og kommunar, til næringsliv og frivillig sektor. At tverrsektoriell samordning er viktig heng mellom anna saman med at dei klassiske skilja mellom fred, krise og krig til dels er erstatta med eit meir dynamisk konfliktspekter; med konkurranse, konfrontasjon – gjerne fordekt, som kan utvikle seg gjennom fleire stadium til meir open konflikt, og på eit tidspunkt konsolidering. Det overordna målet er at det samla beredskapssystemet vårt skal vere robust; samfunnet og befolkninga skal tole motstand, mot alle former for fare, i heile krisespekteret, og så lenge situasjonen varer. Då må alle aktørane – ALLE – spele godt saman, og verkeleg ta eigarskap for eige ansvarsområde.

Med utvidinga av NATO er dette relevant også i nordisk kontekst, og her er landa komne ulikt av garde. Sjølv om vi i Noreg tidvis slår oss på bringa over eige totalforsvar, er det min påstand at vi har mykje å lære. Då nyttar det ikkje å sitte på hendene og vente på at krisa skal kome. Samhandling og samarbeid er ein muskel, og vi manglar trening. Samhandlingsmuskelen i totalforsvaret må trenast. Dette gjeld regionalt og nasjonalt, og også i nordisk kontekst. Forsvaret er i gang, og då er til dømes omdøypinga av Cold Response til Nordic Response symbolsk viktig, der våre naboar er med, minst like kraftfullt som før. Men også sivil side må tydeleggjere og praktisere sine ansvarsområde. Her skal Kystverket vere gode, for vi har viktige funksjonar og tenester knytt både til samfunnssikkerheit og statssikkerheit, langs fleire aksar, i heile krisespekteret.

Tenestetilbydar, tilsyn og ressurs

Sjøtransporten er ein nøkkelkomponent i den norske økonomien, som følgje av landets lange kystlinje og avhengigheit av maritim handel for både inn- og utførsel av varer. Heile 90 prosent av all import og eksport til Norge kjem sjøvegen. Og sjøvegen kan verte enda viktigare i ein endra sikkerheitssituasjon, fordi sjøvegen er der materiellet til dei allierte kjem – og det vil også vere den vegen andre kan kome.

At Kystverket har ei aktiv rolle i totalforsvaret går tydeleg fram av departementet sitt tildelingsbrev til oss. Vi har etablert ein overordna samarbeidsavtale mellom Forsvaret og Kystverket, og vi har i det daglege eit operativt samarbeid, samarbeid om øvingar og felles prosjekt (BarentsWatch, miljøberedskap, dronar, med meir). Kystverket deltar også mellom anna i Sentralt totalforsvarsforum, Kriseutvalet for atomberedskap, Kystvaktrådet, Forum for sivil transportberedskap, i alle fylkesberedskapsråd og ei rekke andre tverretatlege samvirkearenaer.

Kystverket forvaltar Lov om hamner og farvatn, lospliktregelverket og sjøtrafikkforskrifta. Samtidig er vi ein tenestetilbydar, mellom anna gjennom sjøtrafikksentralane (VTS) og los, og bidrar på den digitale sida til at andre statlege aktørar har god oversikt innanfor det maritime domenet. Vi har den nasjonale meldeportalen SafeSeaNet Norway, der skipsfarten bestiller los og sender pålagte ankomst- og avgangsopplysningar til norske myndigheiter (Tolletaten, Politiet, Skatteetaten, med meir) og hamner. Og vi har også BarentsWatch, som er eit senter som vart etablert for å fylle rolla som koordinator og vidareformidlar av informasjon om hav og kyst på tvers – der 30 statlege verksemder er med. Den lukka delen, som omfattar tenestene Sporing og samhandling, Felles ressursregister, Felles aksjonsstøtte og Blue Justice, er veldig etterspurt hos dei involverte partane.

Det er også Kystverket som har hovudansvaret for norsk sivil overvaking av sjøtrafikken og havområda, mens Forsvaret har ansvaret og sine system for den militære delen. Samfunnsansvaret til Kystverket omfattar altså både førebyggande og operativ sjøsikkerheit. Dette er heilt avgjerande også i kriser og i krig. På denne bakgrunnen er særleg følgjande faktorar sentrale:

  • Eit veletablert forhold til Forsvaret og dei andre aktørane i totalforsvaret gjennom liaisonnettverket til FOH.
  • Eit tett operativt skarpt samarbeid med Forsvaret over tid – i sjøtrafikksentralane, lostenesta og beredskap – gjer at aktørane kjenner kvarandre sine kapasitetar og grenser, noko som har gjort det mogeleg å auke tempoet i samarbeidet raskt.
  • Ein etablert myndigheitsdialog med andre etatar har også bidratt til raske prosessar der det har vore naudsynt.
  • Eit tett samarbeid med NSM på IKT-sikkerheitsarbeid.

Digitalisering – ei effektivisering med ansvar

Den digitale infrastrukturen gir oss ein rik sanntidskunnskap om aktiviteten i norske kyst- og havområde. Kvar aktivitet i havrommet er avhengig av god og effektiv samhandling. Forsvaret er trygg på at Kystverket ivaretar rolla som sivil maritim overvakingsetat. Med det bidrar vi til kunnskap på tvers – gjennom kommunikasjon med næringar på sjø og land, gjennom kommunikasjon med hamnene, særleg dei rundt 650 ISPS-hamnene, og ikkje minst gjennom kommunikasjon med mange statlege verksemder.

Stadig fleire av dei operasjonelle prosessane våre blir digitale, som til dømes overvakingssystema på fyrlykter, drifta av fartøy og den dynamiske risikovurderinga i samband med sjøtrafikkovervakinga. Vi må derfor heile tida ha eit bevisst forhold til sårbarheitene. Kystverket er ein etat som både eig og nyttar digitale tenester, med nemnte BarentsWatch og SafSeaNet Norway som to døme, samt eit vell av interne digitale system. Vi skal vere ein etat med betydeleg digital kompetanse, og då skal og må vi også vere vårt ansvar bevisst.

Då er det viktig at vi har eit nært og godt samarbeid med NSM (Nasjonalt Cybersikkerhetssenter – NCSC) både for overvaking av systema våre og for varsling av trugslar. Vi erfarer at kompetansen deira har vore svært god, og fokuserer på det som er viktigast. Vidare vil eg også nemne ansvaret knytt til Maritimt sektorresponsmiljø, som operativt er ivaretatt i tett samarbeid med NORMA Cyber. Vi skal vere bevisste på organiseringa av dei systema vi har – og at dei ulike systemeigarane må arbeide mot same mål.

Ver vaken!

Det er vår kollektive styrke som til saman utgjer motstandskrafta til nasjonen vår – som samfunn og som verksemd. Det er ikkje PST, NSM eller e-tenesta som åleine og kvar for seg skaper sikkerheit. Den blir skapt av oss alle som årvakne borgarar, av verksemder i Noreg der tilsette med rett kompetanse er i stand til å identifisere, forhindre, avdekke og motverke sikkerheitstruande aktivitetar. Og dess betre vi får til samhandlinga sivil-militært, dess betre står vi rusta.

For det å trygge vår suverenitet, vår territoriale integritet, våre grunnleggande demokratiske verdiar, liv og helse – det gjer seg ikkje sjølv – there’s no easy day – men det er verdt å kjempe for, kvar einaste dag. Som dei seier i Forsvaret: «For alt vi har. Og alt vi er»

Og kjære lesar, heilt til slutt: det er ein god idè å starte med oss sjølve. Ha eit bevisst forhold til våre eigne oppgåver på jobben, eit særleg fokus på cyber- og hybride trugslar, og gjennomgå vår eiga motstandskraft. Kvar enkelt av oss kan bidra ved at eigenberedskapen ikkje er avgrensa til dagar, men veker, og om naudsynt også lenger. Då kan totalforsvars- og totalberedskapskapasitetane nyttast der dei trengst mest, både i fred, i kriser og – i krig.

Status er en faglig artikkelsamling der interne og eksterne fageksperter går i dybden og utforske...

Fag Publisert Oppdatert
Til toppen