Hopp direkte til innhold

Spennande utfordringar for sommarstudentane i Kystverket

Årets sommerstudenter får prøve seg på en rekke spennende utfordringer i Kystverket, som å bruke kunstig intelligens for å utvikle Kystverkets digitale tvilling. Foto: Lill Haugen / Kystverket

12 sommarstudentar skal jobbe med spennande prosjekt innan tema som navigasjonstenester, kunstig intelligens, digitaliserte fyr og klima- og miljøpåverknad til sjøs.

Kystverket fekk over 150 søkarar til 12 stillingar, så det er eit stort mangfald og brei kunnskap blant årets sommarstudentar.

– Målet er at sommarstudentane i løpet av seks veker skal bidra til å auke kunnskapsnivået innanfor sine temaområde i den maritime sektoren, seier Odd Sveinung Hareide i digitaliseringsstaben i Kystverket.

Bidreg til nye løysingar

Sommarstudentane tar masterutdanning ved ulike universitet i Noreg og er fordelt på tre av Kystverkets lokasjonar. Dei har fått ulike tema og problemstillingar som skal løysast. Kystverket har ansvaret for sjøvegen, og sjøtryggleik er difor ei viktig bakgrunn.

I Ålesund skal studentane jobbe med tema som klima, alternative drivstoff, maskinlæring og VR («virtual reality»). I Arendal jobbast det med AIS og transportanalyser for å sjå på løysingar som kan gi meir effektiv sjøtransport/skipsfart. Studentane i Haugesund ser på moglegheiter for å skissere og utvikle prototypar på nye navigasjonstenester –  det vil seie nytte tilgjengelege data til å lage nye tenester for fartøy og båtar som seglar langs norskekysten. 

Må kutte utslepp til sjøs

Det trengs ei stor omstilling for å nå klimamåla, også i den maritime sektoren. Frida Voll Hareide studerer fornybar energi ved Universitetet i Agder. Oppgåva hennar i sommar er å sjå nærare på korleis Kystverket kan bidra til å gjere sjøvegen grønare. Saman med medstudent Rasmus Tholvsen frå NTNU i Trondheim jobbar Frida med ei samanstilling av data om klima- og miljøpåverknaden frå skip. Eit viktig mål er at det skal bli enklare å velje rett drivstoff, for å redusere utslepp til sjøs.

sommerstudenter rasmus og frida_klima og miljø_2.png

Hjelp til å velje rett energitype

Oppgåva går mellom anna ut på å finne ut kva drivstoff som kan passe til dei ulike skipstypane. – Vi systematiserer difor informasjon om dagens alternative drivstoff. For å velje rett energitype treng skipseigarane gode beslutningsgrunnlag. Vi ser difor på energibruk, utsleppsfaktorar, TtW (tank to wheel) vs. WtW (wheel to wheel), og infrastruktur for alternative drivstoffstypar, forklarar ho.

Spennande og relevant etat Ho søkte på jobben i Kystverket fordi det var relevant for studiet hennar og er ein god erfaring. Oppgåva i Kystverket er akkurat det som bacheloroppgåva mi handla om, eit spennande og interessant fagfelt, fortel ho. – Mitt inntrykk av Kystverket er at det er ein etat som driv med veldig mykje forskjellig på ulike fagområde, og som gjer ein viktig jobb som ein ikkje nødvendigvis høyrer så mykje om.

Maskinlæring, KI og digital tvilling

Martin Valderhaug Larsen, Simen Breivik og Elias Birkeland studerer alle ved NTNU i Trondheim, og jobbar no saman i eit team for å sjå korleis Kystverket kan utnytte maskinlæring og kunstig intelligens for å forbetre si digitale tvilling. – Målet er å gjere bildeanalyse ved hjelp av kunstig intelligens og maskinlæring for å karakterisere fasadar på bygningar, slik at dette kan visualiserast betre virtuelt i Kystverket si digitale tvilling, forklarer Martin Valderhaug.

MicrosoftTeams-image (81).png

Martin Valderhaug Larsen tek master i informatikk med kunstig intelligens og innrømmer at han ikkje hadde nokon planar om å søke på sommarprosjekt. – Men då eg kom over problemstillinga til Kystverket, var ho så interessant at eg «måtte» søke, seier han med eit smil. Frå venstre Martin, Elias og Simon.

Relevant jobb heime

Elias Birkeland har hatt nokre emne om kunstig intelligens det siste året og synest det var kult at det fanns ein moglegheit for å jobbe med dette heime på Sunnmøre.

– Eg ville også prøve å jobbe med koding i praksis. Sjølv om eg var usikker på om eg hadde dei naudsynte ferdigheitene, er eg veldig glad for at eg søkte. Hittil har oppgåva vore både utfordrande, morosam og lærerik, seier Elias.

Elias innrømmer gjerne at han ikkje visste så mykje om Kystverket før han søkte.

– Kystverket driv med mykje meir enn eg var klar over, og er ein framtidsretta organisasjon med tanke på digitalisering, meiner han.

Viser fram spennande jobbmoglegheiter

Dette er første gong Kystverket har sommarstudentar innanfor så mange ulike tema. Eit viktig mål er å vise breidda og auke medvitet rundt Kystverket som arbeidsplass blant studentane.

– På same linje som alle andre må også Kystverket konkurrere om dei kloke hovuda i Noreg. Vi må vere framtidsretta, kompetente og brukarretta. Derfor ønsker vi å bruke sommarstudentane aktivt for å utforske våre problemstillingar. Dei bidreg med nye tankar og friske perspektiv i ei verd som endrar seg stadig raskare. Samtidig får studentane innsikt i arbeidskvardagen vår – dette blir vinn-vinn for begge partar, seier Odd Sveinung Hareide, som er oppdragsgivar for eitt av studentprosjekta i år.

Sommarstudentordninga er eit samarbeid med blant andre TEFT lab (Ålesund) og Sildikon Valley (Haugesund). Gjennom prosjekta blir studentane kjende med dei mange spennande jobbmoglegheitene i Kystverket.

– Vi ser på dette som ein moglegheit for rekruttering – men også som ein del av eit samfunnsansvar der vi bidreg til at studentane får ny kunnskap og verdifull arbeidserfaring. Vi håpar at også dei spreier det glade bodskapet blant medstudentane sine og bidrar til at Kystverket blir betre kjent som ein attraktiv arbeidsplass for framtidige arbeidstakarar, seier Odd Sveinung.

Alnes 3_1.jpg

Kystverket jobbar med å digitalisere fyrstasjonane langs kysten. Steinar jobbar difor med å utvikle ein nettbasert løysing med 3D-modellar av fyra, som gjer innhaldet meir tilgjengeleg for publikum – til dømes på besøkssenter og museum. Her demonstrerer han VR-verktøyet til Kystverkets digitale tvilling på Alnes fyr og opplevelsessenter.

Sommerstudenter besøker VTS.jpg

Sommerstudentene på besøk hos Kystverket sin sjøtrafikksentral (VTS) i Kvitsøy.

Sommerstudenter med Odd Sveinung.png

Frå venstre: Odd Sveinung Hareide i Kystverket med sommerstudentane i Ålesund:  Simon Breivik, Martin Valderhaug Larsen, Elias Birkeland og Steinar. 

Kontakt

Seniorrådgiver

Odd Sveinung Hareide /

Kontakt

Senioringeniør

John-Morten Klingsheim /

Kontakt

Seniorrådgiver

Einar Bjørshol /
Til toppen