Hopp direkte til innhold

Folkemøte om Stad skipstunnel

Onsdag 30. september inviterer Kystverket til folkemøte i Selje for å orientere om planarbeidet for Stad skipstunnel.

Tidspunkt: kl. 18.00
Sted: Sunnivasalen, Selje hotell, 6741 Selje

Program

  • Velkommen og presentasjon av Stad skipstunnel
    v/prosjektleder Terje Andreassen, Kystverket
  • Presentasjon av planprosess og planprogram for Stad skipstunnel
    v/Marit Mienna og Øyvind Skofteland, Norconsult
  • Spørsmål frå publikum

Møtet er ope for alle og krev ikkje påmelding.

Om planarbeidet

Norconsult har på vegne av Kystverket varsla oppstart reguleringsarbeid og høyring av planprogram for Stad skipstunnel. Merknadsfristen er 22. oktober 2015.

Formålet med planprogrammet er å få til ein god planprosess og avklare kva tema som skal utgreiast og beskrivast.

Planprogrammet legg grunnlaget for det påføljande planarbeidet. Det gjer greie for formålet med planarbeidet, kva prosess planarbeidet skal gjennom og opplegg for medverknad. Vidare skal ein fastsette mål for planarbeidet og vurdera kva utgreiingar som er naudsynt for å få fram tunellen sin konsekvens for miljø og samfunn.

Til toppen