– Vi har merka oss at det er politisk semje om å starte arbeidet med Stad skipstunnel. Dette er eit stort, omfattande og ikkje minst interessant prosjekt, og når det er godkjent i Stortinget er vi meir enn klar til å bygge verdas første fullskala skipstunnel. Vi gleder oss no til å etablere ein prosjektorganisasjon, utarbeide konkurransegrunnlag og klargjere for anbod, og parallelt med dette starte prosessane med grunnkjøp, seier kystdirektør Einar Vik Arset.
Som vidare understrekar at dette er eit prosjekt som vil få stor merksemd både nasjonalt og internasjonalt.
Mogleg byggjestart i 2021
Prosjektet har enno ikkje vore i Stortinget. Derfor vil Samferdselsdepartementet legge fram ein proposisjon om prosjektet så snart som råd. Så snart prosjektet er godkjent av Stortinget, kan arbeidet fortsette. Kystverket trur det er mogleg å starte bygginga mot slutten av 2021.
Stad skipstunnel har vore utgreia og kvalitetssikra mange gongar. Sist i 2018. Då viste kvalitetssikringa at prosjektet ville koste 3,7 milliardar kroner. Ein milliard kroner meir enn det som ligger i Nasjonal transportplan.
Sidan den gong, har Kystverket gått gjennom prosjektet for å få ned kostnadane. I haust har Kystverkets førelegg vore på ei forenkla kvalitetssikring. Sluttrapporten var klar 5. november. Den sett fast at prosjektet vil koste 3,45 milliardar kroner.
– Stad skipstunnel er eit viktig prosjekt for Vestlandet. Stadhavet er eit av dei mest vêrutsette områda langs Norskekysten. Med ein skipstunnel vil vi betre tryggleiken til sjøs. Prosjektet vil òg legge til rette for ei etablering av snøggbåtrute og overføring av gods frå land- til sjøtransport, seier samferdselsministeren.
- Her finner du mer om bakgrunn, utredninger og bilder