Starter opp nye farled og havneutbygginger
Regjeringa foreslår å løyve 468,68 millionar kroner til statleg utbygging av fiskerihamner og farleier og 61,98 millionar kroner i tilskot til fiskerihamneprosjekt.
-Fiskerihamnene er viktige for å kunne vidareutvikle fiskerinæringa og sikre busetting langs kysten. Tiltak i farleiene aukar sikkerheit og framkomst i farvatna, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.
Styrkar sjøtransporten med 110 millionar kroner
Regjeringa foreslår å styrke løyvingane til utbygging av hamner og farleier, og fylgje opp kystdelen av nasjonal transportplan med 110 millionar kroner. Regjeringa held dermed rammene slik dei er skissert i NTP.
– Regjeringa har satsa på sjøvegen, og denne satsinga vil vi vidareføre i dette budsjettforslaget. Vi held fram med utdjuping og bygging av nye farleier, som er avgjerande for mykje av næringslivet langs kysten. Samstundes rustar vi opp, og gjer vedlikehald på lys og merker, noko som bidreg til betre sjøsikkerheit, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.
Budsjettforslaget gir også rom for at Kystverket kan skaffe ein egen satellitt for overvaking av skipstrafikken langs kysten, ein såkalla AIS-satellit, noko som vil bidra til betre sjøsikkerheit.
20 millionar kroner til styrkt beredskap mot akutt forureining
– Med denne bevillinga til beredskap og overvaking, vil vi styrke sjøtransporten og sikre ei god miljø- og ressursforvaltning, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.
Den auka løyvinga på 20 mill. kroner vil gå til oljevernutstyr som lenser for rask respons og strandrenseutstyr samt kurs og øvingar for å styrkje kompetansen i beredskapsapparatet. I tillegg vil senter for sjøtryggleik, oljevern og havovervaking i nordområda ved sjøtrafikksentralen i Vardø bli styrkt.
Stad skipstunnel
Regjeringa foreslår å bevilge 5 millionar kroner til forundersøkingar knytta til Stad skipstunnel. I Nasjonal Transportplan 2014-2023 er det satt av 1 milliard kroner til skipstunnelen i andre del av planperioda. Prosjektet kan med dette startast opp i siste seksårsperiode.