Hopp direkte til innhold

Stor prosjektportefølje med tiltak under 100 millionar kroner

I Nasjonal transportplan 2022–2033 er det sett av om lag 2,5 milliardar kroner til mindre farvasstiltak. Dette er investeringstiltak som er planlagt på same vis om større farvasstiltak, men som har ein gjennomføringskostand på mindre enn 100 millionar kroner. Kystverket har per i dag ein portefølje på 44 tiltakspakkar under 100 millionar kroner.

For at ressursane skal bli best mogeleg utnytta bør fleire tiltak bli gjennomført samla. Ei slik samanslåing i gjennomføringsfasen kan vere basert på ei geografisk samling av tiltak og/eller ei tematisk samling knytt til at prosjekta krev like leveransar (utdjuping, merkefundament etc).

– Ei samla løyving til tiltak under 100 millionar kroner gir oss ein større fleksibilitet og gjer det enklare å planlegge og utføre ulike tiltak over ei lengre strekning. Då får vi ei meir effektiv gjennomføring av prosjekta, og ei mindre «stykkevis og delt» utbetring av farleiene, seier leiar for utbyggingsavdelinga i Kystverket, Jostein Bøhlerengen Moe.

Dei 44 tiltaka i denne porteføljen omfattar prosjekt som skal gjere farleier breiare, djupare og rettare, og slik lette manøvreringa. Prosjekta inneber også ny merking av farleiene. Vedlikehaldstiltak i farvatnet, slik som vedlikehaldsmudring og vedlikehald av moloar og kaier i Kystverkets eige, inngår også i tiltaksporteføljen.

Tidspunkt for gjennomføring vil avhenge av dei årlege budsjettløyvingane og korleis kostnadar og nyttevurderingar utviklar seg ved vidare optimalisering av tiltaka.

Dette er dei 44 tiltaka

Korridor Fylke Kommune Tiltakspakke Type tiltak
1 Viken Fredrikstad og Hvaler Strømtangen - Fruholmen  Navigasjonsobjekt
1 Viken Asker og Frogn Håøya vest/Drøbaksundet Utdyping og navigasjonsobjekt
1 Viken Moss Innseling MOss Utdyping og navigasjonsobjekt
1 Viken Halden  innseiling Halden  Utdypng og navigasjonsobjekt
3 Agder Kristiansand Vestergapet Navigasjonsobjekt
3 Agder Farsund og LKyngdal Grønsfjorden og Ullerøysundet Navigasjonsobjekt
3 Rogaland Klepp, Randaberg og Sola Feistein - Tungenes Navigasjonsobjekt
3 Vestforld og Telemark Færder Færder Utdyping og navigasjonsobjekt
3 Viken Færder, Larvik og Sandefjord Larvik - Færder, indre hovedled  Navigasjonsobjekt
4 Møre og Romsdal herøy Flåværleia, merking Navigasjonsobjekt
4 Møre og Rosmdal  Giske og Ålesund  Innseiling vest, Ålesund Utdyping og navigasjonsobjekt
4 Møre og Romsdal  Sande og Vanlylven Søre Sunnmøre Navigasjonsobjekt
4 Rogaland Kvinnherad og Vindafjord Ølen - Høylandsbygd Navigasjonsobjekt
4 Rogaland Haugesund og Karmøy Nordlig innseiling Haugesund Utdyping og navigasjonsobjekt
4 Rogaland Bokn og Karmøy karmmsund - Innseiling Husøy, indre havn - Våråvågane  Utdyping og navigasjonsobjekt
4 Rogaland Stavanger Innsiling Stavanger havn Utdyping og navigasjonsobjekt
4 Vestland Askvoll og Sunnfjord Førdefjorden Navigasjonsobjekt
4 Vestland Bergen Innseiling Vågen Utdyping
4 Vestland Askøy og Øygarden Bergen - Sture Navigasjonsobjekt
4 Vestland Bremanger og Kinn Skatestraumen - Fåfjorden- Vågsøyfjorden - Måløy Sør. Utdyping og navigasjonsobjekt
4 Vestland Solund Ytre Steinsund Utdyping og navigasjonsobjekt
4 Vestland Austrheim og Gulen Fedjefjorden - Fensfjorden - Djuposen Navigasjonsobjekt
4 Vestland Austevoll, Bergen, Bømlo, Fitjar og Lygarden Bømlafjorden - Bergen Navigasjonsobjekt
4 Vestland Aurland Nærøyfjorden - NOrafjorden Navgasjonsobjekt
4 Vestland Kinn Alden - Askrova Navigasjonsobjekt
4 Vestland Kinn Ulvesundet Utdyping og navigasjonsobjekt
4 Vestland Bremanger og Kinn Florø - Frøysjøen Utdyping og navigasjonsobjekt
4 Vestland Kinn Mortingsbåen Utdyping
4 Vestland Kinn Innseiling Florø Utdyping og navigasjonsobjekt
7 Nordland Bindal - Sømna Helgelandsflæsa Navigasjonsobjekt
7 Nordland Alstadhaug Alstadhaugjorden, merking Navigasjonsobjekt
7 Nordland Dønna, Lurøy og Nesna Innseiling Åsvær Navigasjonsobjekt
7 Nordland Leirfjord og Vefsn Vefsnfjorden og Mosjøen Navigasjonsobojekt
7 Nordland Brønnøy og Vega  Brønnøysund nord Navigasjonsobjekt
7 Nordland Nærøysund Dolmsundet Utdyping og navigasjonsobjekt
8 Nordland Harstad Toppsundet og innseiling Harstad Utdyping og navigasjonsobjekt
8 Nordland Vestvågøy og Vågan Stamsund - Svolvær Utdyping og navigasjonsobjekt
8 Nordland Andøy Risøysundet og Risøyrenna Utdyping og navigasjonsobjekt
8 Nordland Bodø Landegodefjorden nord Utdyping og navigasjonsobjekt
8 Nordland Sortland  Sortlandsundet Utdyping og navigasjonsobjekt
8 Troms og Finnmark Tromsø Rystraumen Navigasjonsobjekt
8 Troms og Finnmark Harstad harstad - Finnsnes Utdyping og navigasjonsobjekt

 

Til toppen