Hopp direkte til innhold

Ona fyr

20. oktober 2017 var det 150 år sidan lykta i fyret på Ona lyste for første gong.

Øysamfunnet Ona ligg ytst mot havet i Sandøy kommune, vest for Molde. Staden er lett å sjå på grunn av fyret som står og kneisar på øyas høgaste punkt. 

Då fyret fylte 90 år i 1957 var Norsk fyrtidende på besøk hos fyrmeisterparet Slettevaag. Dei to hadde då vore på Ona i 25 år. Edvard Slettevaag hadde vore på Hestskjæret fyr før han kom til Ona, og hadde til saman 38 år i fyrvesenet, mens kona Sigrid kom til Hestskjæret med sin far allereie som 12 åring. Ekteparet Slettevaag var begge aktive i arbeidet med å gjere fyrfolk sine kår betre. Han som formann i fyrfolka sin organisasjon og ho som grunnleggar av fyrkvinneforbundet. Ekteparet var ivrige forkjemparar for at fyrkvinnene skulle få betalt for arbeidet sitt.

Under krigen heldt tyske soldatar vakt rundt husa på Ona. Samtidig hadde ekteparet englandsfararar i skjul i leilegheita si.  

Linseapparatet på Ona er heilt spesielt. Andreordens fast-apparatet i både raudt og kvitt glas var til og med på utstilling i Paris før det kom til fyret. Originallinsa fungerer enno.

Fakta: Fyret i støypejern, bygd 1867 som kystfyr. Bifyr bygd i 1954. Lyshøgde 40 meter. Freda.

Fyret i dag: Fyret er fullt tilgjengeleg for publikum. Kystverket eig fyra (hovedfyr og bifyr) og maskinhus. Fyrmeisterbustad og naust er i privat eige. Fyret representerer ei viktig del av norsk sjøfarts- og kysthistorie.

Eigaren av boligen og naustet har eit eiga lite fyrmuseum.

ona fyr wikipedia 2.JPG

Ona fyr i blomsterprakt_foto Haldor Sæther.jpg

ona fyr wikipedia.jpg

v 1.jpg

v 2.jpg

Foto: Kystverket/Wikipedia.

Ona fyrtårn 9-9-2016_2 %282%29.jpg

Illustrasjonen som pryder Kystverkets informasjonsskilt om Ona fyr på øya. (Av Arild Fredriksen).

 

Til toppen