Hopp direkte til innhold

Stad skipstunnel: Planlegg modellforsøk i test-tank

Kystverket har signert kontrakt med Norsk Marinteknisk Forskningsinstitutt (Marintek) for modellforsøk av seglas gjennom Stad skipstunnel i test-tank. To skipsmodellar skal testast ut under ulike forhold for å kartlegge grenseverdiar for skipstrafikk.

Modellforsøket i test-tank vil kartlegge ulike krefter som kan påverke farty under seglas gjennom skipstunnelen. Under modellforsøket skal ein blant anna vurdere storleiken til dimensjonerande farty, avgrensing av fart og effekt av medstraum og motstraum, og stabilitet for retning og kurs for farty under seglas.

‒ Modellforsøk i eit kontrollert miljø gir oss mogelegheit til å avdekke korleis ulike krefter som straum, bølger og fart vil kunne påverke seglas gjennom skipstunnelen. Det gjer det mogeleg å identifisere grenseverdiar for trafikktypar som vil kunne segle gjennom ei ny farlei på Stadlandet, seier prosjektleiar Terje Andreassen i Kystverket.

To skipsmodellar, som er basert på hurtigruteskipet MS ”Midnatsol” og eit containerfarty, skal fjernstyrast under test-tank forsøket.

Modellforsøket i test-tank skal gjennomførast i løpet av juni 2016. Resultat og anbefalingar frå forsøket vil inngå som ein eigen delrapport i forprosjektet som skal overleverast Samferdselsdepartementet våren 2017.

Til toppen