Stad skipstunnel
Nær halvparten av desse midlane, 440 millionar kroner, skal gå til storprosjektet Stad skipstunnel i Vestland fylke.
– 1,7 kilometer lang, 50 meter høg og med ei breidde på 36 meter – i skipstunnelen kan fartøy på storleikar opp til Kystruten og Hurtigruten få ein sikker seglas forbi eit av dei mest vêrutsette og krevjande farvatna langs norskekysten. Dette er eit viktig prosjekt for Kystverket og kyst-Noreg, fastslår kystdirektør Einar Vik Arset.
Sikker og effektiv sjøveg
Om lag 180 millionar kroner er sett av til investeringar i farvatnet – altså merking, utdjuping eller skjerming – som ligg inne i Nasjonal transportplan for 2022–2033. Dette er tiltak som gir betre sikkerheit og framkome for sjøtrafikken, som inngår i prosjektporteføljen til Kystverket, der lengre kyststrekningar er sett i samanheng i ei heilskapleg og behovsbasert vurdering av tiltak.
Desse midlane går til følgjande prosjekt:
- Innsegling Forsøl i Hammerfest kommune, Troms og Finnmark – ferdigstillast i 2022
- Innsegling Maurholen i Eigersund kommune, Rogaland – ferdigstillast i 2022
- Innsegling Bulandet i Askvoll kommune, Vestland – ferdigstillast i 2022
- Bognes-Tjeldsundet-Harstad i kommunane Narvik, Lødingen, Tjeldsund og Harstad, Nordland – oppstart i 2022
- Svolvær-Raftsundet i kommunane Vågan og Hadsel, Nordland – oppstart i 2022
- Innsegling Kragerø i Kragerø kommune, Vestfold og Telemark – oppstart i 2022
- Forberedande prosjekt Innsegling Borg, Fredrikstad og Hvaler kommunar, Viken – gjennomførast i 2022
Kostnadseffektiv porteføljestyring
I tillegg har Kystverket ein portefølje med mindre farvasstiltak med ein kostnad under 100 millionar kroner. Dette er tiltak som er utgreidd og planlagt, som skal kunne bli gjort i samband med dei større prosjekta for å få ei kostnadsoptimal gjennomføring. 103 millionar kroner er foreslått sett av til slike prosjekt.
Navigasjonsinstallasjonar
Det er dessutan sett av 83 millionar kroner til fornying og modernisering av navigasjonsinfrastrukturen. Desse midlane går mellom anna til å redusere vedlikehaldsetterslepet på navigasjonsinnretningane, som har vore ei viktig satsing gjennom fleire år.
– Desse midlane skal vi forvalte på best mogleg måte og redusere etterslepet målretta, samtidig som vi moderniserer navigasjonsobjekta og betrar tenestenivået som brukarane våre er avhengige av, avsluttar Arset.