Hopp direkte til innhold

Steinmasser frå skipstunnelen skaper ny næring

Oversiktsbilde over Stadlandet med Stad skipstunnel
Ein jobbar for tida med å regulere næringstiltak for mottak av steinmasser frå Stad skipstunnel både nord og sør for skipstunnelen. Illustrasjon: Kystverket / Morild.

All steinmasse frå Stad skipstunnel skal nyttast for å skape ny næring i regionen. – Dette blir bra for alle parter: Regionale næringsprosjekt i kommunane får stein, ein unngår dumping av store masser i Moldefjorden og Kystverket får betre tid til å planlegge prosjektet, seier prosjektleiar Terje Skjeppestad.

Det er betydelege mengder fjell og steinmassar som skal takast ut av Stad skipstunnel. Ein reknar med så mykje som 3 millionar kubikkmeter fast fjell, noko som tilsvarar nærmare 5,4 millionar kubikkmeter med sprengte steinmassar.

– Om vi lukkast med målet om å nytte tilnærma all denne massen til næringsutvikling og andre nyttige prosjekt vil det vera ganske unikt for eit samferdsleprosjekt, seier prosjektleiar i Stad skipstunell i Kystverket, Terje Skjeppestad.

Vil ikkje deponere steinmassar

I den opphavelege bestillinga til Kystverket var det sagt at ein skulle bruke ein del steinmassar i nærleiken av tunnelopningane, og at resten skulle deponerast på sjøbotnen i Moldefjorden.

– Sjødeponering av stein synes både vi og fleire med oss ikkje er ei særleg god løysing, mellom anna med tanke på berekraft og det å kunne skape synergiar frå tunnelprosjektet, seier prosjektleiar Skjeppestad.

At prosjektet må innom ei prosjektoptimalisering, for best mogleg ressursutnytting og mest mogleg nytte, er heilt vanleg i Kystverket. Det gjerast i alle større prosjekt. I dette arbeidet kom ein mellom anna i dialog med kommunane i nærleiken av tunnelen, og det viste seg at kommunane og regionalt næringsliv har eit stort behov for steinmassar.

– Samarbeidet med vertskommunen Stad, og dei nærliggande kommunane Kinn og Vanylven, er tett og godt. I kommunane er det mangel på stein, og ein har vore tydelege på at ein steinmassane frå tunnelen kan vere med å skape ny næringsverksemd, anten ved at ein utvidar eksisterande hamner/næringsområde eller at ein bygger nye, seier prosjektleiaren. Å regulere nye næringsområde, spesielt i og ved sjø, er krevjande og tek tid. Etter framdriftsplanen for skipstunellen skulle kommunane vere ferdig med dette arbeidet no i juni, men dei er ikkje i mål og har spurd om meir tid til å planlegge og prosjektere massetiltaka. Sidan dette har innverknad på framdrifta til heile prosjektet måtte Kystverket få dette godkjent hjå Nærings- og fiskeridepartementet.

– I førre veke fekk vi beskjed frå departementet. Dei er einige i at kommunar og næringsaktørar bør få ekstra tid til reguleringsarbeid for mottak av steinmassar, slik at vi får nytta desse mest mogleg fornuftig, seier Skjeppestad.

Kva tyder dette for prosjektet?

– Vi synes sjølvsagt det er bra at steinmassane i prosjektet blir utnytta optimalt. Samstundes gjer dette at prosjektet på kort sikt blir litt forskjøvet i tid, seier Skjeppestad.

Han seier at arbeidet med å regulere mottak av steinmassar gjer at utlysinga av totalentreprisa for tunnelen truleg må forskyvast med ca. seks månadar.

Oppdatert framdriftsplan for Stad skipstunnel per juli 2022.
Oppdatert framdriftsplan for Stad skipstunnel per juli 2022.

Prosjektet blir betre

– Tida kommunane bruker for å planlegge og prosjektere massetiltaka kan vi i Kystverket samtidig bruke til å jobbe fram et grundigare og betre kvalitetssikra konkurransegrunnlag for totalentreprisen. Dess betre vi får dette konkurransegrunnlaget, jo mindre problem og utsetjingar får vi seinare i prosjektet, trur Skjeppestad, som ser mange fordelar med løysinga:

– Dette blir bra for alle parter: Regionale næringsprosjekt i kommunane får stein, ein unngår dumping av store masser i Moldefjorden og Kystverket får betre tid til å planlegge prosjektet!

Underforstått: Dette gjer prosjektet betre!

Det er kommunar og næringsaktørar som no har ansvaret for å regulere næringsprosjekta som skal kunne få steinmassar. Kommunane må så gjere ei prioritering på kva prosjekt som gjev mest samfunnsnytte, for slik lista over tiltak ser ut i dag vil det truleg ikkje vere nok steinmassar til alle.

Kva betyr massehandteringa for kostnadane i prosjektet? Er det ikkje dyrare å frakte steinen rundt til fleire lokasjonar enn å deponere i Moldefjorden?

– Nei, ikkje nødvendigvis. Vi ser no at vi treng ein del ekstra stein i nærleiken av tunnelen, både til utvidingar av portalopningar, og til riggområder og lokale næringsareal i Lesto (Moldefjorden) og Kjøde. Truleg går halvparten av steinmassane med til desse tiltaka. Her blir frakta billegare enn det som opphaveleg var planlagt. Samstundes har vi og områder som ligg lenger unna. Vi skal gjere betre beregningar på dette når kommunane er ferdig med å regulere og prioritere næringstiltaka som skal få stein. Så blir dette også noko som entreprenøren må ta inn i sine kostnadar og sitt tilbod, seier Skjeppestad.

Prosjektleiaren er klar på at det er kommunane som må setje opp ei prioriteringsliste over kva slags tiltak som skal få stein frå Stad skipstunnel.

– Eg registrer at enkelte i kommunane meiner det er Kystverket som bør fordele steinmassane. Men det er kommunane som kjenner behova best, og som veit kva slags næringstiltak som vil gi mest samfunnsøkonomisk nytte. Vi har liten lyst til å gå inn og seie kven som skal få stein eller ikkje. Det må kommunane bli einige om. Dei må i fellesskap bli einige om ei prioriteringsliste, og så må vi vurdere den i etterkant, seier Skjeppestad.

Ukraina-krigen gjev auka kostnader

Slik verdssituasjonen er no er det også globale faktorar, med auka råvare- og energiprisar, som speler inn på kostnadane for tunnelen.

– Vi ser at andre utbyggingsprosjekt i Kystverket nærmast over natta har blitt 15 prosent dyrare grunna krigen i Ukraina og følgjene for verdsøkonomien. Dette vil også ha innverknad på Stad skipstunnel. Vi arbeidar derfor med ei oppdatert kostnadsanalyse som vi legg fram for Nærings- og fiskeridepartementet i løpet av hausten, seier prosjektleiar Terje Skjeppestad.

Fakta Stad skipstunnel

Bilder viser hvor seillingsledene går, og hvor Stad skipstunnel vil bli bygd

STAD SKIPSTUNNEL

Stadhavet er det mest værutsatte og farligste havstykket som er langs norskekysten. Målet med prosjektet er å sikre en tryggere seilas, og mer forutsigbar regularitet for skipstrafikken forbi Stad.

NØKKELTALL

  • Lengde: 1700 meter for selve tunnelløpet - 2200 meter fra tuppen av entringskonstruksjon på den ene siden til tuppen av entringskonstruksjon på den andre siden
  • Lengde inkl. ledekonstruksjoner og portal: ca 2200 meter
  • Høyde mellom bunn og tak: 50 meter
  • Bredde mellom veggene i tunnelen: 36 meter
  • Seilingshøyde: 33 meter
  • Areal på tverrsnitt: 1661 m2
  • Volum uttak fast fjell: Ca. 3 millioner kubikkmeter. Tilsvarer cirka 5,4 millioner kubikkmeter med sprengt fjell
  • Vedtatt kostnadsramme: Ca. 5,06 milliarder kroner (inkl. mva.)
  • Estimert byggetid: Ca. 5 år

BYGGINGEN

Det er lagt opp til konvensjonell sprengning med tunnelborerigg og pallerigg.
Det blir utredet tre ulike alternativer for bruk av steinmasser fra tunnelbyggingen, deriblant til etablering av nytt næringsareal i nærområdet.

PROSJEKTET

  • Kystverket utarbeidet en konseptvalgutredning (KVU 2010) som omhandler alternativene ”Nullalternativet” (uten nye tiltak), ”Liten tunnel” og ”Stor tunnel” (kystruten).
  • Det er også gjennomført kvalitetssikring (KS1-rapport) etter bestilling fra Fiskeridepartementet og fra Finansdepartementet for KVU 2010.
  • I NTP 2014-2023 sa regjeringen at de ønsket å gå videre med et forprosjekt til KS2, med utgangspunkt i det ”store” tunnelalternativet. Dette ansees å ha et større nyttepotensial.
  • Positive effekter, som verdien av tilrettelegging av trafikk fra veg til sjø, trygghet, økt turisme, samt positive effekter for fiskerinæring og øvrige næringer, er ikke prissatt.
  • Stad skipstunnel vil være verdens første fullskala skipstunnel av denne dimensjonen.
  • I NTP 2018-2029 ble Stad skipstunnel lagt inne med en ramme lik kostnadsoverslaget på 2,8 milliarder, 1,5 milliarder kroner ligger inne i første del av NTP – for perioden 2018 til 2023.
  • Kystverket overleverte sitt forprosjekt til Samferdselsdepartementet våren 2017. Prosjektet har vært gjennom ekstern kvalitetssikring fase 2 (KS2).
  • Kystverket gjennomførte en prosjektoptimalisering med leveranse 15. juni 2019 som resulterte i en vesentlig kostnadsreduksjon.
  • I 2020 ble det gjennomført en utvidet kvalitetssikring (KS2) av resultatene av prosjektoptimalisering.
  • I februar 2021 fikk Kystverket oppdragsbrevet fra Samferdselsdepartementet som ga grønt lys for oppstart av forarbeidet for byggingen. I mars la departementet frem proposisjonen til Stortinget om byggingen. 

Meir om Stad skipstunnel

Til toppen