Hopp direkte til innhold

Kyst- og havnekonferansen 2025: Norge sett fra nord

Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss innleidde Kyst- og havnekonferansen 2025.

24.–25. september samla Kystverket for 20. gong representantar frå kommunar, hamner, næringsliv, organisasjonar og forvaltning til den tradisjonsrike Kyst- og havnekonferansen i Honningsvåg.

– Kyst- og hamnekonferansen har igjen vist seg å vere ein verdifull arena for fagleg innsikt, dialog og samarbeid. Det har vore inspirerande å sjå korleis ulike perspektiv frå forvaltning, næringsliv og fagmiljø har møtt kvarandre. Konferansen styrker samarbeidet om sikker, effektiv og berekraftig sjøtransport, og gir oss eit godt grunnlag for vidare arbeid for verdiskaping i heile landet, fastslår kystdirektør Einar Vika Arset etter at Kyst- og havnekonferansen 2025 er loset trygt i havn.

Konferansen har sidan oppstarten i 2005 utvikla seg til å bli ein nasjonal møteplass for kunnskapsdeling og samtalar om sjøtransport, fiskerihamner, hav- og kystarealforvaltning, klima og berekraft, miljøutfordringar, samfunnssikkerheit og maritim næringsutvikling.

Årets program spente vidt – frå totalforsvar og beredskap via elektrifisering av kystflåten til sameksistens mellom havvind og skipsfart. 

Viktig møteplass på tvers av fag og interesser

Kystdirektøren meiner årets konferanse viste kvifor denne møteplassen er så viktig.

– Vi står overfor store og komplekse utfordringar knytt til beredskap, klimaendringar og auka aktivitet til sjøs. Då treng vi dialog på tvers av fag, forvaltning, næring og politikk for å dele kunnskap, hente inspirasjon og styrke dialogen. Kyst- og havnekonferansen gir oss nettopp det, seier Arset.

– Eg opplever at deltakarane kjem hit med eit ope sinn og eit genuint ønske om å lytte, stille spørsmål og lære av kvarandre. Dei uformelle samtalane utanfor programmet er ofte like viktige som foredraga på scena. Eg vil takke alle som bidrog frå scena og i salen for å gjere konferansen til ein suksess, seier han.

Gir retning for Kystverket sitt vidare arbeid

For Kystverket sjølv er konferansen ein viktig temperaturmålar og kjelde til innsikt frå brukarar og samarbeidspartnarar.

– Tilbakemeldingane vi får her gir oss eit betre grunnlag for å prioritere og utvikle oss vidare. Vi får vite kva som fungerer, kva som skapar uro, og kor vi bør legge inn meir innsats. Eg ser på konferansen som ein del av det å halde dialogen konstruktiv og levande med dei vi er til for, seier kystdirektøren.

Sjå konferansen i opptak her:

Publisert
Publisert

Bilder fra Kyst- og havnekonferansen 2025

Til toppen