Vi søker nye losaspirantar, ei unik moglegheit for deg som vil kombinere sjømannskap, ansvar og spektakulær utsikt.
Det er berre omlag 300 personar i heile Noreg som har denne jobben. Som los er du kapteinen sin nautiske vegleiar og bidreg til trygg ferdsel langs heile kysten – i all slags vêr, heile døgnet, heile året.
Ein som nyleg har gått vegen frå aspirant til statslos er Frank Grøtte. Etter 15 år i Marinen tok han fatt på åtte intensive månader med utdanning og praksis som los.
– Jobben vår er å kjenne farleia og finne gode og trygge løysingar. Det er stor variasjon, ingen dag er lik. Vi møter nye skip, nye menneske og nye utfordringar – men målet er alltid det same: å sørgje for at alle kjem sikkert og effektivt fram, fortel Frank, som held til ved Fedje losstasjon i Vestland losoldermannskap.
Han legg til:
– Losane er ekspertar på kysten, både på merkte og umerkte grunner. Sjølv i ei digital tid er det den lokale kunnskapen som gjer forskjellen. Det er ein jobb med mykje ansvar, men også ei sterk kjensle av meining – du veit at det du gjer, bidreg til tryggleik, miljø og flyt i sjøtrafikken.
Også Adrian Loftfjell frå Mo i Rana er blant dei ferskaste losane våre. Han vart teken opp som losaspirant i førre runde, og har no fullført ei omfattande opplærings- og praksisperiode før han kunne kalle seg statslos.
Før han vart los, jobba Adrian som matroslærling i Kystvakta, tok tre år nautikk ved NTNU og hadde åtte år på cruisefartøy hos Viking.
I dag jobbar han i Nordland losoldermannskap, og denne veka har han teke over Snapchat-kontoen til Maritim karriere for å vise fram kvardagen som los – med bilete, videosnuttar og små glimt frå livet på brua.
Følg Adrian her: https://www.snapchat.com/@maritimkarriere
Vil du bli los – eller kjenner du nokon som burde søke?