Kystverket har sektoransvar for å følgje opp nasjonale og internasjonale oppgåver som omhandlar kystforvaltning og sjøtryggleik, og eit sektorovergripende ansvar for beredskap mot akutt forureining.
Kystverket skal som transportetat, i samspel med resten av transportverksemdene, leggje til rette for effektiv sjøtransport, velfungerande hamner og bidra til oppfylling av Noregs klima- og miljømål i sektoren.
Kystverket utøver oppdraget sitt gjennom tre roller: styresmaktsorgan, fagorgan og som statleg utbyggjar, drifter og forvaltar av maritim infrastruktur og maritime tenester og statlege beredskapsressursar.
Kystverket tek ansvar for sjøvegen og produserer viktige fellesgode for samfunnet.
Vi er delvis brukarfinansiert og delvis finansiert over statsbudsjettet.
Vi deltek i planmedverknad og utøvar mynde etter hamne- og farvasslova, delar av forureiningslova, svalbardmiljølova og plan- og bygningslova.
Blant dei viktigaste oppgåvene våre er:
- Utvikling og vedlikehald av farleier
- Fyr- og merketenester
- Sjøtrafikksentraltenester
- Lostenester
- Meldingstenester og navigasjonsvarsel
- Statleg beredskap mot akutt forureining
- Utgreiing og transportplanlegging
- Maritim sikring (ISPS)
- Verksemda omfattar maritim sektor av Nasjonal transportplan (NTP), samt myndigheits- og forvaltingsoppgåver knytt til lover og regelverk for hamner, farleier og losplikta.
For å løyse desse nasjonale oppgåvene, samarbeider vi breitt med andre offentlege etatar med ansvar for sikkerheit, transport og beredskap på tilgrensande område. Vi deltek også aktivt i internasjonalt arbeid innan våre fagfelt.