Jobb i Kystverket?
Vår visjon er å utvikle kysten og havområda til verdas sikraste og reinaste.
Kystverket har omlag 1000 medarbeidarar innan ei rekke ulike fagområder, som arbeider for å gjere kysten og havområda til verdas sikraste og reinaste. Då treng vi engasjerte, framtidsretta og pålitelige medarbeidarar langs heile kysten.
Er du interessert i å jobbe for oss?
Kystverket lyser ut alle ledige stillingar på www.nav.no og www.webcruiter.no, samt i relevante kanalar for dei enkelte stillingane.
Det er dessverre ikkje mogleg å sende opne søknader eller registrere CV hos Kystverket. Vi anbefaler å følgje med i våre kanalar dersom du ønskjer å halde deg oppdatert på ledige stillingar.
Du kan også aktivere varslingar i rekrutteringsløysninga Webcruiter. Då får du varsel på e-post når vi legg ut nye stillingar. Meld deg på varslingar på denne sida, ved å velje "Lagre søk" under logoen til Kystverket.
Ønskjer du å bli los eller maritim trafikkleder?
Stillingane som los og maritim trafikkleder i Kystverket blir utlyst på same måte som andre stillingar, men tilsetjingsprosessen er noko annleis. Les meir om korleis du blir los her, og korleis du blir maritim trafikkleder her
Fakta
Om Kystverket
Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket arbeider aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport gjennom å ivareta transportnæringas behov for framkome og effektive hamner. Kystverket driv førebyggande arbeid og reduserer skadeeffektane ved akutt forureining, og medverkar til ei bærekraftig utvikling av kystsona. Kystverket ligg under Samferdselsdepartementet. Les meir om Kystverket her.
Siste nytt
-
Flere kartleverandører tilbyr Kystverkets digitale seilingsruter
Navigatører som abonnerer på elektroniske sjøkart fra PRIMAR, får i denne tjenesten nå også tilgang til Kystverkets digitale referanseruter for navigasjon.
-
Millionavtale med Partnerplast
Kystverket har inngått avtale med Partnerplast om å få levert sjømerker av typen Dirigens.
-
Nå begynner arbeidet med Stad skipstunnel
Kystverket har nå mottatt oppdragsbrevet fra Samferdselsdepartementet, som i realiteten gir grønt lys til oppstart av forarbeidet for bygging av Stad skipstunnel.
-
Tryggere skipsfart i nordområdene
Tilbyr sjøfarende en rekke tjenester som er viktig for sikkerhet, fremkommelighet og miljø i Arktis.
-
Høring: Forskrift om Krigsnavigasjonstjenesten
Kystverket har på vegne av Samferdselsdepartementet sendt på høring utkast til forskrift om Kystverkets støtte til Forsvaret ved kriser og i krig (Krigsnavigasjonstjenesten ). Fristen for høringssvar er 14. mai
- Gå til nyhetsarkiv