Hopp direkte til innhold

Vil gjere born nysgjerrige på sjøvegen

Klarer du å lose oljetankaren trygt i hamn ved å følge sjømerka? Elevar testar navigasjonskunnskapane sine på den nye utstillinga "Havnasjonen" på Atlanterhavsparken sitt marine vitensenter i Ålesund. Foto: Lill Haugen / Kystverket

Noregs aller første vitensenter med marin profil skal inspirere born og unge til å lære meir om havet. Kystverket har støtta arbeidet både faglig og økonomisk.

Atlanterhavsparken i Ålesund opna nyleg landets aller første vitensenter med marin profil, med tre nye utstillingar retta mot born og unge. Kystverket har bidrege til å lage utstillinga «Havnasjonen», med aktiviteter om korleis havet, fiskeri, sjøtransport og eksport har skapt Norge som ein viktig havnasjon. Utstillinga tek oss også med inn i tareskogen, ned i djupet på havbotnen, lærer oss om fiskeressursane og dei store samanhengane i havet. Målet er at born og unge blir nysgjerrige på å lære meir om havet og sjøvegen, samstundes som vi går inn i FNs tiår for havforsking.

Korleis unngår skip å kollidere?

–  Dette er ein ny og spennande måte å kommunisere Kystverket sin visjon, verksemdsområder og samfunnsansvar på: For korleis unngår skip å kollidere? Korleis finn dei vegen? Kva skjer med søppel og utslepp i havet? Kvifor er det lurt å frakte gods sjøvegen? Kven jobbar på sjøen? Og kva skjuler seg i djupet? For oss handlar det også om å vise dei mange spennande jobbmogeligheitene i maritime næringar, både i dag og i framtida, fortel kystdirektør Einar Arset.

Vil ha verdas sikraste og reinaste havområder

Bærekraftig og trygg bruk av havområda går som ein raud tråd gjennom dette formidlingsopplegget, noko som samsvarar med Kystverket sin visjon om å utvikle kysten og havområda til verdas sikraste og reinaste. Kystverket støtta utstillinga med eit beløp på 1 million kroner.

– Vi i Kystverket er svært stolte over å ha fått vore med på å utvikle dette saman med Atlanterhavsparken, Mareano v/NGU og dei andre partnerane. Eg er sikker på at Atlanterhavsparken med vitensenteret blir ein viktig arena for formidling, inspirasjon og undring – ikkje berre for born og unge i vår region, men for befolkninga i hele landet, seier kystdirektøren.

image 0002.jpg

Test kunnskapane i «Hav-quizen», prøv å lose ein oljetankar trygt til land ved å følgje sjømerka, snurre lykkehjulet og få tips til eit spennande maritimt yrke, sjå og lær meir om sjøtrafikken i Breisundet – eller flytt lasteklosser for å teste kor mykje mindre energi det trengs for å flytte gods til sjøs.

Til toppen