Hopp direkte til innhold

Organisering og leiing

Organisasjonskartet viser Kystverkets organisering.
Kystverkets organisasjonskart

Kystverket er inndelt i funksjonar eller verksemdsområder (funksjonsorganisering), med Kystdirektøren som øvste leiar.

Direktørane for verksemdsområda har det overordna fag-, resultat-, økonomi- og personalansvaret for heile verksemdsområdet og er den overordna leiaren for avdelingane i verksemdsområdet.

Verksemdsområda har eit felles ansvar for å nå Kystverket sine hovudmål, og direktørane inngår i Kystdirektøren si leiargruppe. Leiargruppa består også av assisterande kystdirektør og stabsdirektørar.

Hovudfunksjonar

Veksemdsområdet for transport, hamn og farlei
Hovedfunksjon: Forvalte, bygge og drifte den fysiske infrastrukturen, herunder analyser og kunnskap om sektoren.

Verksemdsområdet for navigasjonsteknologi og maritime tenester
Hovedfunksjon: Forvalte, utvikle og drifte den digitale infrastrukturen. Drive overvaking/ styre trafikken og utøve losmynde.

Verksemdsområdet for miljøberedskap
Hovedfunksjon: Førebygge og avgrense skadeeffektane ved akutt forureining.

Verksemdsområdet for lostenesta
Hovedfunksjon: Trygge ferdselen på sjøen og verne om miljøet ved å sette los om bord og tilføre fartøyets mannskap nødvendig farvannskunnskap. 

Til saman har Kystverket om lag 1000 medarbeidarar. Av desse er over halvparten i operativ verksemd. Kystverket er ein desentralisert organisasjon. Vi er til stades langs heile kysten og har kontor og lokasjonar frå Arendal i sør til Honningsvåg i nord. Kystverkets leiargruppe held til i Ålesund.

Til toppen