Hopp direkte til innhold

Mortingbåen

For å sikre betre framkome og tryggleik i hovudleia vest for Florø, planlegg Kystverket å utdjupe Mortingbåen og fire omkringliggande grunner. Det er signert kontrakt med utførande entreprenør, og anleggsarbeida er venta å starte opp i august 2023.

For å auke tryggleiken og framkomsten i hovudleia vest for Florø i Kinn kommune, planlegg Kystverket å utdype Mortingbåen og fire mindre grunnar til plandjupn på -14,0 meter. Området ved Mortingbåen er prega av eit komplisert trafikkbilete med kryssande trafikk og høg risiko for grunnstøyting. Mortingbåen utgjer også ein flaskehals for framkoma til større fartøy, noko som fører til at enkelte fartøy er nøydde til å segle over lengre distansar med dårlegare vêr utanfor skjæra.

Det vil under utdjupingsoperasjonen vere begrensa plass for passering aust av Mortingbåen. Kystverket ber sjøfarende vise forsiktigheit og omsyn til dette. Farleia vil bli merka med midlertidig merking som vil snevre inn seglingsbreidda alt etter kvar entreprenøren arbeider.

Utdjupinga generer eit opptak av om lag 140 000 kubikkmeter prosjekterte faste massar over eit areal på 30 000 kvadratmeter. Desse overskotsmassane blir lagt i to ulike deponi, Panorama Florø og Fjord Base, der dei kjem til nytte i samband med lokal næringsutbygging.

Utdjupinga gjer at det ikkje vert bruk for tre navigasjonsinnretningar som i dag står på Mortingbåen. Desse vert fjerna. Vidare må sektorane på fire lykter i området tilpassast den nye farleia.

Mortingbåen.png
Kartutsnitt frå Norge i bilder som viser dei planlagte utdjupingsområda for Mortingbåen.


Målet med utdjupingstiltaket ved Mortingbåen er å:

  • Auke framkoma for større fartøy i hovudleia vest for Florø
  • Redusere risikoen for grunnstøyting og kollisjon, og dermed redusere sannsynlegheita for ulukker med tap av liv, personskader, materielle skader og utslepp av olje og andre kjemikalieprodukt.

Farvasstiltaket Mortingbåen var opphavleg ein del av samanslåinga av tiltaket Innsegling Florø og tiltaket Mortingbåen. Men våren 2023 vart det avgjort at tiltaket Mortingbåen skulle gjerast klart for utlysing som eige tiltak. I Revidert nasjonalbudsjett for 2023 informerte regjeringa om at det var sett av pengar til å starte opp tiltaket i 2023. Prosjektet har ein anslått kostnad på 105 millionar kroner og er planlagt å vere ferdigstilt i løpet av 2023.

Kontakt

Senioringeniør

John André Vegge /

Kontakt

Senioringeniør

Magnus Rørvik /
Til toppen