Hopp direkte til innhold

Kva gjer Kystverket?

Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket ligg under Nærings- og fiskeridepartementet.

Kystverket tek ansvar for sjøvegen og produserer viktige fellesgode for samfunnet. Vi er delvis brukarfinansiert og delvis finansiert over statsbudsjettet. Hovudformålet er å sørge for sikker og effektiv ferdsel i farleier langs kysten og inn til hamner, og sørge for ein nasjonal beredskap mot akutt forureining.

Vi deltek i planmedverknad og utøvar mynde etter hamne- og farvasslova, loslova, delar av forureiningslova, svalbardmiljølova og plan- og bygningslova.

Dei viktigaste oppgåvene våre er:

  • Utvikling og vedlikehald av farleier
  • Fyr- og merketenester
  • Trafikksentraltenester
  • Lostenester
  • Meldingstenester og navigasjonsvarsel
  • Statleg beredskap mot akutt forureining
  • Utgreiing og transportplanlegging
  • Hamnesikkerheit (ISPS)
  • Verksemda omfattar maritim sektor av Nasjonal transportplan (NTP), samt myndigheits- og forvaltingsoppgåver knytt til lover og regelverk for hamner, farleier og losplikta.

For å løyse desse nasjonale oppgåvene, samarbeider vi breitt med andre offentlege etatar med ansvar for sikkerheit, transport og beredskap på tilgrensande område. Vi deltek også aktivt i internasjonalt arbeid innan våre fagfelt.

Til toppen