Kva er Kystverket?

Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket ligg under Samferdselsdepartementet.

Kystverket tek ansvar for sjøvegen og produserer viktige fellesgode for samfunnet. Kystverket er delvis brukarfinansiert og delvis finansiert over statsbudsjettet. Hovudformålet er å sørge for sikker og effektiv ferdsel i farleier langs kysten og inn til hamner, og sørge for ein nasjonal beredskap mot akutt forureining.

Kystverket deltek i planmedverknad og utøvar mynde etter hamne- og farvasslova,
loslova, delar av forureiningslova, svalbardmiljølova og plan- og bygningslova. Kystverket sine viktigaste oppgåver er:

  • Utvikling og vedlikehald av farleier
  • Fyr- og merketenester
  • Trafikksentraltenester
  • Lostenester
  • Meldingstenester og navigasjonsvarsel
  • Statleg beredskap mot akutt forureining
  • Utgreiing og transportplanlegging
  • Hamnesikkerheit (ISPS)
  • Verksemda omfattar maritim sektor av Nasjonal transportplan (NTP), samt myndigheits- og forvaltingsoppgåver knytt til lover og regelverk for hamner, farleier og losplikta.

For å løyse desse nasjonale oppgåvene, samarbeider Kystverket breitt med andre offentlege etatar med ansvar for sikkerheit, transport og beredskap på tilgrensande område. Kystverket deltek også aktivt i internasjonalt arbeid innan våre fagfelt.

Nyhetsliste

Siste nytt