Hopp direkte til innhold

Kjærkomne ekstramidlar til vedlikehald og opprydding

I samband med at Stortinget 31. mars vedtok økonomiske tiltak i møte med virusutbrotet, blei det løyvd 100 millionar kroner ekstra til Kystverket sitt vedlikehaldsarbeid og opprydding av eigarlause blåskjelanlegg.

Dei økonomiske tiltaka skal bidra til å styrke den kriseramma bygg- og anleggssektoren ved at viktige vedlikehaldsoppgåver blir utført.

Ekstramidlane skal nyttast slik:

  • 87,5 millionar kroner er sett av til ei portefølje av vedlikehaldsprosjekt, sjå oversikt lenger nede i denne saka.
  • 10 millionar kroner er sett av til opprydding av eigarlause blåskjelanlegg som potensielt utgjer ein fare for sjøtrafikken.
  • 2,5 millionar kroner er sett av til vedlikehald av bygningsmassen til sjøtrafikksentralen i Vardø.

Prosjekta som får midlar er prosjekt som kan komme raskt i gang og som passar godt for små og mellomstore bedrifter.

– Dette er kjærkomne ekstramidlar som er retta mot naudsynte vedlikehaldstiltak som vi elles ikkje ville klart å prioritere innafor dei rammene vi har for 2020. Ferdigstillinga av planunderlaget for dei aktuelle prosjekta er allereie i gang. Vi tek sikte på å sette oppdraga ut i marknaden så raskt som mogeleg og håpar sjølvsagt at lokale entreprenørar gjer seg klar for å konkurrere om dei, seier kystdirektør Einar Vik Arset.

Dette er prosjekta som får midlar:

Fyrvedlikehald:

  • Møkkalasset fyr i Arendal kommune, Agder fylkeskommune
  • Digerudgrunnen fyr i Frogn kommune, Viken fylkeskommune
  • Homlungen fyr i Hvaler kommune, Viken fylkeskommune
  • Store-Torungen fyr i Arendal kommune, Agder fylkeskommune
  • Lista fyr i Farsund kommune, Agder fylkeskommune
  • Ryvingen fyr i Lindesnes kommune, Agder fylkeskommune
  • Hellisøy fyr i Fedje kommune, Vestland fylkeskommune
  • Kråkenes fyr i Kinn kommune, Vestland fylkeskommune
  • Skongenes fyr i Kinn kommune, Vestland fylkeskommune
  • Ulvesund fyr i Kinn kommune, Vestland fylkeskommune
  • Hendanes fyr i Kinn kommune, Vestland fylkeskommune
  • Skalmen fyr i Smøla kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Bjørnsund fyr i Hustadvika kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Ulla fyr i Ålesund kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Skomvær fyr i Røst kommune, Nordland fylkeskommune
  • Bremstein fyr i Vega kommune, Nordland fylkeskommune
  • Træna fyr i Træna kommune, Nordland fylkeskommune
  • Brannverntiltak i flere fyrbygningar i fleire kommuner i Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Ytre Møkkalasset fyr i Arendal kommune, Agder fylkeskommune
  • Geita fyr i Askvoll kommune, Vestland fylkeskommune
  • Storholmen fyrstasjon i Giske kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Skomvær og Landegode fyrstasjonar i Røst/Bodø kommune, Nordland fylkeskommune
  • Makkaur fyr i Båtsfjord kommune, Troms og Finnmark fylkeskommune
  • Bøkfjord fyr i Sør Varanger kommune, Troms og Finnmark fylkeskommune

Vedlikehald av kai/molo:

  • Nordre Bjørnsund-Fræna i Hustadvika kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Kvalsund-Herøy i Herøy kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Kvalsvik-Herøy i Herøy kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Hareid i Hareid kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Veidholmen allmenningskai, Innveien i Smøla kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Dypfestvåg allmenningskai i Bjugn kommune, Trøndelag fylkeskommune
  • Fullføre reparasjon molo Andenes fiskerihamn i Andøy kommune, Nordland fylkeskommune
  • Hovsund molo i Vågan kommune, Nordland fylkeskommune
  • Skarstahamn molo i Ballangen kommune, Nordland fylkeskommune
  • Laukvik molo i Vågan kommune, Nordland fylkeskommune
  • Vikvågen molo i Sømna kommune, Nordland fylkeskommune
  • Bolga allmenningskai i Meløy kommune, Nordland fylkeskommune
  • Husøy molo i Lenvik kommune, Troms og Finnmark fylkeskommune
  • Vadsø sandfangarmolo i Vadsø kommune, Troms og Finnmark fylkeskommune
  • Gamvik molo (Langskjærmoloen) i Gamvik kommune, Troms og Finnmark fylkeskommune
  • Ersfjord allmenningskai i Berg kommune, Troms og Finnmark fylkeskommune
  • Årviksand allmenningskai i Skjervøy kommune, Troms og Finnmark fylkeskommune
  • Gamvik allmenningskai i Gamvik kommune, Troms og Finnmark fylkeskommune
  • Sandland allmenningskai i Loppa kommune, Troms og Finnmark fylkeskommune

Dei budsjetterte kostnadane knytt til desse vedlikehaldsprosjekta fordeler seg slik i fylkeskommunene:

  • Agder 9 350 000
  • Møre og Romsdal 21 450 000
  • Nordland 22 500 000
  • Troms og Finnmark 23 100 000
  • Trøndelag 1 500 000
  • Vestland 5 600 000
  • Viken 800 000

I tillegg kjem 2,5 millionar kroner til vedlikehald av sjøtrafikksentralen i Vardø (Troms og Finnmark) og 10 millionar kroner til oppryddinga av eigarlause blåskjelanlegg. Desse anlegga er førebels ikkje rekna inn i den fylkesvise fordelinga då det ikkje er avgjort kva anlegg som skal fjernast.

Frøland, Solveig Johanne Moe

E-post: solveig.moe.froland@kystverket.no

Mobil: +4792208089

Stilling: Stabsdirektør

Virksomhetsområde: kystdirektøren

Enhet: staben for kommunikasjon og samfunnskontakt

Ansatt
Til toppen