Kystverket leverte sist veke det oppdaterte talgrunnlaget for etaten sine prioriteringar til Nasjonal transportplan 2022–2033 (NTP).
Sjøtransporten er viktig for Noreg, og då spesielt for næringslivet. Rundt 75 prosent av det samla godstransportarbeidet på norsk område og 90 prosent av all eksport/import skjer sjøvegen.
– Sjøtransporten er effektiv og sikker, samtidig som den har liten negativ miljøpåverknad. Kombinert med positiv samfunnøkonomisk lønsemd gjer dette at vi er trygge på at dei prosjekta vi prioriterar er gode prosjekt for samferdsla i Noreg. Dei er heilt i tråd med det langsiktige målet vi jobbar for; eit effektivt, miljøvennleg og trygt transportsystem i 2050, fastslår kystdirektør Einar Vik Arset, som ser fram til oppgåvene som ventar.
– Utfordringa vår blir å sikre framkome og sikkerheit til sjøs, i ein periode prega av endringar, usikkerheit og behov for omstilling, både teknologisk, miljømessig og ressursmessig. Raske teknologiske endringar både utfordrar og gir nye moglegheiter. Krava til effektivisering aukar, og vi prioriterar for å innfri, seier Arset.
Kystverket er bedt om å prioritere innafor to ulike rammer. Kystverket tilrår i sine prioriteringar å bruke den høgaste økonomiske ramma.
– Då kan vi optimalisere drift- og vedlikehaldsnivået, realisere samfunnsøkonomisk lønsame tiltak i farleiene og satse på utvikling av tenestene våre, digitalisering og deling av data. Kystverket er og ansvarlege for staten sin beredskap mot akutt ureining, og i høgaste ramma kan beredskapen dimensjonerast etter miljørisikoen og vi kan tilpasse metodar og utstyr til nordområda og den verharde kysten vår, fortel kystdirektøren.
Dei største investeringane som Kystverket foreslår til NTP er knytt til farleistiltak, og då i hovudsak prosjekt som gjer farleia djupare og breiare og som gir betre merking av sjøvegen. I den økonomiske ramma som Kystverket anbefalar, ligg det ein samfunnsøkonomisk lønsam portefølje på om lag tre milliardar kroner i den første seksårsperioden av planen.
Dette er prosjekta som er foreslått: