Hopp direkte til innhold

Cruiseutvalet med tilrådingar til justisministeren

Viking Sky ved Hustadvika, mars 2019. (Foto: Torgeir Are Sortehaug)

Stadig fleire cruiseskip besøker norske farvatn. Kva slags beredskap har vi om noko går galt med fartøy med tusenvis av passasjerar? Etter nesten-ulykka med cruiseskipet Viking Sky fekk eit eige utval i oppgåve å sjå nærare på dette. Cruiseutvalet leverte i dag sin rapport og sine tilrådingar til justisminister Emilie Enger Mehl.

I mars 2019 fekk cruiseskipet Viking Sky motorstopp i Hustadvika og var nær ved å gå i fjøresteinane. Den dramatiske hendinga reiste spørsmål. Fleire norske myndigheiter bidrar til beredskapen i norske kyst- og havområde. Men er dei førebudde på å handtere nødsituasjonar med store mengder passasjerar? Kva slags omsyn er spesielle for beredskapen for store passasjerfartøy? Og kva kan ein krevje av eigen beredskap for cruiseaktørane?

Situasjonen i dag

Den offentleg organiserte redningstenesta i Noreg fungerer godt, og tilliten til tenesta er høg. Det fins betydelege offentlege, private og frivillige ressursar som jobbar godt saman under leiing av Hovudredningssentralen i Bodø og på Sola, som er dei som har ansvaret for aksjonar knytt til liv og helse. Men ei alvorleg hending med cruiseskip kan ha eit omfang og ein kompleksitet som set den norske redningsberedskapen på ei alvorleg prøve. I kjølvatnet av Viking Sky-hendinga ba Solberg-regjeringa i 2020 om ei utgreiing av kva slags utfordringar auken i cruisetrafikk stiller til sjøsikkerheita og beredskapen i norske farvatn.

Cruisetrafikken aukar

Cruise Norway og Innovasjon Norge samla i oktober 2021 prognosar frå hamnene for cruiseanløp i 2022. Den viste ein planlagt auke i cruiseanløp som er 30 prosent høgare enn tala frå rekordåret 2019. Auken gjeld særleg i det ein kallar skuldersesongane (haust og vinter). Dette er periodane der risikoen for ei alvorleg hending vil vere størst.

Dei siste trafikktala frå Kystverket viser at talet på cruiseanløp i januar er om lag det same som i 2019, eller marginalt høgare. Cruise Norway har nyleg stadfesta tendensen, men opplyser samstundes at bookingane vidare i 2022 ser ut til å stå seg (talet på passasjerar om bord har likevel gått litt ned grunna smittevernstiltak).

Det er derfor viktig å poengtere at utfordringane knytt til cruisetrafikken ikkje ser ut til å bli mindre relevante – heller tvert imot. Cruisetrafikken ser framleis ut til å auke kraftig, og 2022 ser ut til å bli eit nytt rekordår.

Ulykke kan få store konsekvensar

Sjansen for ei alvorleg hending med cruiseskip i Noreg er heldigvis ikkje høg, men konsekvensane kan bli enorme om ulykka først er ute. Ein føresetnad for arbeidet til utvalet er erkjenninga av at det ikkje vil vere realistisk å dimensjonere ei offentleg redningsteneste til å kunne handtere alle slags hendingar. Ei alvorleg ulykke med eit stort cruiseskip kan gi mange skadde og omkomne. Derfor må den samla risikoen ved cruisetrafikk reduserast. I denne utredninga trekk utvalet fram utfordringar, og anbefaler ei rekke tiltak for å redusere risikoen.

Redusere risiko

Det er viktig at myndigheitene legg vekt på førebyggande innsats. Det vil seie tiltak som reduserer risiko og slik kan hindre at ulykker skjer. Utvalet har og sett på cruisenæringa sitt eige ansvar. Det er behov for at cruisenæringa sjølv set i verk nødvendige tiltak for å førebygge og handtere eventuelle ulykker. Det ligg med andre ord eit stort ansvar hos kvar enkelt skipper, reiar og eigar.

Kva er beste tiltak?

I NOU-rapporten har utvalet vurdert ulike førebyggande tiltak opp mot kostnadar, og dei har sett nærare på tiltak og anbefalingar som betre kan nytte ressursar som allereie finst. Dei har og sett på Noreg sitt ansvar og rolle i regionale og internasjonale samarbeid om søk og redning. Utvalet har kartlagt kva for førebyggande tiltak andre arktiske kyststatar nyttar, og kva slags tilpassingar dei gjer for å handtere auka cruisetrafikk, for å sjå om noko av dette kan nyttast i norske forhold. Utvalet har også henta innspel frå, og diskutert med, aktørar i både privat og offentleg sektor.

Ti sentrale fagfolk innan sjøsikkerheit og beredskap i Noreg har delteke i utvalet sitt arbeid. Blant dei er Kystverkets direktør for Navigasjonsteknologi og maritime tenester, Arve Dimmen. Utvalet leverer i rapporten sin ei liste med forslag til breitt innretta tiltak som kan vere med å auke sjøsikkerheita og beredskapen for cruisetrafikk langs norskekysten. 

arve dimmen_lite.jpg– Utvalet har lagt stor vekt på å gjere dei ulike aktørane ansvarlege. Riktig risikoforståing er avgjerande for det vidare arbeidet, som dekker mange områder rundt temaet sjøsikkerheit og beredskap, understrekar Arve Dimmen.

Han viser til at utvalet kjem med fleire forslag til tiltak der Kystverket kan få sentrale oppgåver. Dette gjeld mellom anna nye tenesteområde for sjøtrafikksentralane og regulering av trafikken gjennom operasjonelle avgrensingar for ferdsel med cruiseskip.

– Vi foreslår også utvida funksjonalitet og brukargrupper for informasjonssystema i BarentsWatch og utbygging av meir elektronisk informasjonsutveksling med skip (e-Navigasjon). Og dersom vi skal sette vêrmessige grenser for når cruiseskip kan operere i utsette områder må dette regulerast ut frå lova om hamne- og farvatn, seier Dimmen. 

Utvalet foreslår også at nødetatane med ansvar på kysten og til havs jamleg bør øve på beredskapen sin med cruisehendingar som spesifikt scenario. Her har Kystverket med fleire ei viktig rolle i samspelet.

Utvalet har ikkje prioritert mellom anbefalingane sine. Prioriteringar vil i stor grad avhenge av politiske vurderingar, der det er viktig å ha ei heilskapleg tilnærming til cruisenæringa.

Utvalet

Arbeidet har vore leia av tidlegare Sysselmeister på Svalbard Kjerstin Askholt.
Andre medlemmar har vore:  
Vice President Expedition Karin Strand, Bergen
Professor Odd Jarl Borch, Bodø
Avdelingsdirektør i Kystverket, Arve Dimmen, Hareid
Senioringeniør Jan Reinert Vestvik, Haugesund
Pensjonist Ottar Haugen, Tønsberg
Professor Ingrid Bouwer Utne, Trondheim
Direktør Frigg Jørgensen, Tromsø
Operativ redningsinspektør Tore Wangsfjord, Bodø
Generalsekretær Rikke Lind, Nesodden.

Kystverket sine seniorrådgivarar Andreas Kjøl og Trond Langemyr har gjort ein viktig jobb i utvalet sitt sekretariat, mellom anna med å utarbeide underlagsmateriale til utvalet sitt arbeid.

Andre relevante rapportar:



norsk redningsansvarsområde og maritime grenser.JPG
Norsk redningsområde og maritime grenser.

Til toppen