Hopp direkte til innhold

Fiskerihamnopning på Bømlo

Stort oppmøte då den nye fiskerihamna på Søre Bømlo vart opna med brask og bram. Gode fiskerihamner er viktig for å få ein sikrare og meir effektiv sjøveg, og bidrar til å sikre vidare utvikling av fiskeriavhengige kystsamfunn.
Foto: Ruben Rostad/Kystverket

Fredag 21. juni vart den nye fiskerihamna på Søre Bømlo opna med brask og bram. 750 000 kubikkmeter med stein har blitt plassert på sjøbotnen og etablert det som vert omtala som Noregs største molo.

Robuste, trygge og tilgjengelege hamner er viktig for å oppnå dei nasjonale måla for maritim næringsutvikling og korte ned avstanden frå fiskefelt til mottak. Bømlo er ei stor fiskerikommune. Det er om lag 170 registrerte fiskarar på blad A og B i kommunen og nesten halvparten av den nasjonale pelagiske trålkvota høyrer heime i regionen.

– Eg vil på vegner av Kystverket nytte anledninga til å berømme Vestland fylkeskommune, Bømlo kommune og det private næringslivet for samarbeidet, initiativet og handlingskrafta dykkar, når de har fått realisert dette prosjektet på kort tid. De har sett i gang eit utbyggingsprosjekt som elles ville risikert fleire års utsetting. Kommunen jobba fram eit godt prosjekt og skisserte behova sine til Kystverket på ein god måte. Det er gledeleg å få vere med på denne markeringa og å sjå at prosjektet har blitt realisert i tråd med framdriftsplanen. Og like gledeleg er det at vi kan følgje opp med tilskotsmidlar til ny kai for å legge til rette for næringsutvikling innen fiskeri og akvakultur, seier assisterande kystdirektør Per Jan Osdal i samband med opninga.

Fiskerihamnopning på Bømlo1.jpg
Frå venstre: Prosjektsjef Torgrim Storstein frå entreprenør Vassbakk & Stol, assisterande kystdirektør Per Jan Osdal, fylkesordførar Vestland fylkeskommune Jon Askeland, ordførar Bømlo kommune Morten Helland og prosjektleiar Terje Andreassen i Vestland fylkeskommune.


Alle involverte partar har vore framoverlente, proaktive og løysningsorienterte i samarbeidet. Sjølv om ikkje finansieringa var klar frå det offentlige, tok fylket, kommunen og det private næringslivet ansvar og blei enige om ei forskutteringsordning for å få realisert prosjektet så snart som mogeleg. Lokale næringsaktørar forskotterte 165 millionar kroner. Byggherre Vestland fylkeskommune garanterte for tilbakebetaling og Bømlo kommune garanterte for lånet. Sidan ansvaret for dei statlege fiskerihamnene er ført tilbake til Kystverket endar no rekninga der.

Til toppen