Målet er at sommarstudentane skal bidra til å løfte kunnskapsnivået i den maritime sektoren – samtidig som dei sjølve får verdifull arbeidserfaring. Det var over 150 søkarar, og dei 16 studentane som kom gjennom nålauget skal no fordjupe seg i viktige problemstillingar og utvikle løysingar som kan vere med på å forme framtidas sjøfart.
Friskt blikk på sjøvegen
– Sommarstudentane bidreg med nye tankar og friske perspektiv i ei verd som endrar seg stadig raskare. Samtidig får studentane innsikt i arbeidskvardagen vår – dette blir vinn-vinn for begge partar, seier Odd Sveinung Hareide i digitaliseringsstaben i Kystverket, som er oppdragsgivar for to av studentprosjekta i år.
Sommarstudentane har eller tar bachelor- og masterutdanning ved ulike universitet i Noreg og er fordelt på tre av Kystverket sine lokasjonar, Haugesund, Arendal og Ålesund. Dei har fått ulike tema og problemstillingar som skal løysast gjennom seks veker i sommar. Kystverket har ansvaret for sjøvegen, og sjøtryggleik er difor eit viktig bakteppe.
Maskinlæring, KI og digital tvilling
Studentane i Ålesund, Eivind Lillefosse, Marta Cladera Flisnes og Martin Valderhaug Larsen utforskar korleis Kystverket kan utnytte maskinlæring og kunstig intelligens for å effektivisere arbeidsdagen til både interne og eksterne brukarar. Dei tek utgangspunkt i «KystKI», vår eigen KI-plattform og vil utvikle denne vidare.
– Vi «trenar» KI-plattforma med data frå Kystverket. Litt enkelt sagt gir vi den kunstige intelligensen ei god vidaregåande utdanning, slik at den blir ekspert på å svare godt på spørsmål som er relevante her. Oppdraget vårt er rett og slett å lage eit godt rammeverk på for eksempel ein chat boot som kan brukast internt i Kystverket, forklarer dei tre.
Alle tre er frå Sunnmøre, og ønska seg derfor ein relevant sommarjobb på heimstaden.
Marta er akkurat ferdig utdanna innan informatikk, men ønsker å spesialiserer seg vidare innan maritim sektor. – Slik sett passa ein sommarjobb med KI i Kystverket perfekt, seier ho.
– Kystverket er ein av få aktørar i Ålesund som tilbyr relevante tech-stillingar som sommarjobb, legg Martin til.
Martin, Eivind og Marta ser på korleis kunstig intelligens (KI) kan bidra til å effektivisere i Kystverket. Foto: Lill Haugen / Kystverket.
Ein av studentane i Ålesund, Simon Lervåg Brevik, jobbar også med Kystverkets digitale tvilling, i samarbeid med utviklingsselskapet Morild Interaktiv. Her er oppgåva automatisering av modellering av bygningar og karakterisering av fasader ved hjelp av bildeanalyse og kunstig intelligens.
Klimagassutslepp til sjøs
Global skipsfart står for ein betydeleg del av verdas klimagassutslepp. I Arendal jobbar studentane Johanne Dobbe Flemmen, Per Simen Reed og Axel Grönquist med vidareutvikling av Kystverket sin modell for estimering av maritime utslepp, MarU, som mellom anna gir oversikt over utslepp frå sjøfarten langs norskekysten.
– Målet er å presentere utsleppsdata frå fartøy på ein brukarvennleg måte, samt å identifisere og rapportere eventuelle feil, fortel Per Simen Reed.
Studentane trur at å gjere informasjon om utslepp frå skip langs norskekysten tilgjengeleg vil vere avgjerande for å skape merksemd rundt problemstillinga, for deretter å kunne gjere noko med det.
Når hovedmålet er å redusere utslepp er det viktig å forbetre kunnskapen rundt kvar utslippene kjem frå, slik at vi kan identifisere dei mest kritiske områda i skipsfarten.
– Her trur vi MarU kan vere ei nyttig informasjonskjelde, slik at kloke og riktige avgjerder kan takast. MarU har eit stort potensial for å formidle denne informasjonen og vi gler oss til å vere med i utviklinga av plattforma, seier Axel Grönquist og Johanne Dobbe Flemmen.
Per Simen, Johanne og Axel hos Kystverket i Arendal skal bidra til å presentere utsleppsdata frå fartøy på ein brukarvennleg måte.
Betre digitale tenester
Medan studentane Elisabeth Røysland, Maren Narvik Nilsen og Simen Tveitene Skogen i Arendal skal jobbe med Kystverket sine nettsider. Dette inkluderer å strukturere og lage design som fungerer godt på både mobil og datamaskin. Målet er å gjere dei digitale tenestene meir oversiktlege og enklare å bruke.
Elisabeth har eitt år igjen på universitetet i Agder før ho er ferdig utdanna sivilingeniør.
– Her får vi prøvd oss på ei faktisk problemstilling der vi kan vera til nytte for Kystverket. I tillegg får vi god praktisk erfaring som vi tek med oss vidare, meiner Elisabeth.
Ho fortel at dei har blitt tatt godt imot hos Kystverket.
– Dei gir oss høve til å prøve og rom for å feile – samtidig som dei hjelper oss på vegen. Det er veldig lærerikt, seier ho.
Simen, Maren og Elisabeth i Arendal skal gjere dei digitale tenestene til Kystverket meir oversiktlege og enklare å bruke. Foto: Kystverket
Maren, som er oppvaksne lags kysten, synest det er ekstra interessant å jobba med noko som kan bidra til å gjera sjøvegen trygg og effektiv.
– På dette oppdraget får eg brukt kompetansen min frå studia i multimedieteknologi og -design, og eg kjem også til å læra mykje nyttig frå Kystverket, seier Maren, som også studerer ved universitetet i Agder i Grimstad.
Simen Tveitane Skogen studerer Front-end utvikling ved Gokstad akademiet i Sandefjord.
– Det er spennande å vere med på utvikling og bidra med idear som kan bli brukt i framtida. Føler eg er med på noko viktig, sidan det visuelle har såpass mykje å seie for ei god brukaroppleving. Kystverket er også ein skikkeleg bra arbeidsstad, der vi lærer utruleg mykje samtidig som vi har det gøy, seier han.
Samlar data på ein stad
I Haugesund utviklar tre studentane Sofie Vinjerui Berge, Kjersti Hereid Rasmussen og John Gøthesen skisser og prototypar på nye navigasjonstenester. Ved hjelp av data frå Kystverket og Kartverket skal dei bygge ein web-applikasjon som gjer det enklare for navigatørar å planlegge seglasar langs norskekysten.
Sofie Vinjerui Berge studerer til sivilingeniør i KI (kunstig intelligens) ved Universitetet i Agder madan John Gøthesen har gått 3-årig bachelor i Informatikk ved NTNU i Trondheim.
Begge blei trigga av samfunnsnytta i dette prosjekt. – At vi som studentar kan bidra til å forenkle kvardagen til navigatørar er veldig spennande, seier dei begge.
Kjersti Hereid Rasmussen har nettopp fullført ein bachelor i medie- og interaksjonsdesign ved Universitetet i Bergen.
– Etter eg fekk innblikk i prosjektet og kor vanskeleg det er for ein navigatør å planlegge ein seglas i dag, forstod eg verkeleg kor viktig dette er. Det blir spennande å sjå kva vi kan få til i løpet av dei fem neste vekene, seier Kjersti.
Sommarstudentar i Haugesund. Kjersti, Sofie og John vil gjere det enklare for navigatørar å planlegge seglasar langs norskekysten.
Nye verktøy for losen
I Ålesund skal dei tre studentane Siri Sandnes, Helle Hustad Sande og Johannes Kolvik Valøy jobbe med prosjektet eMPX (Elektronisk Master Pilot Exchange). Målet er å utvikle ei webløysing som gir betre informasjonsdeling mellom los og fartøy, før seglasen startar.
Siri kjem frå Jessheim, men har studert til dataingeniør på NTNU i Ålesund i tre år.
– Det var naturen og havet som trekte meg hit, også til Kystverket. Å vere med på å sikre den norske kysten er noko eg synest er viktig og har lyst til å vere ein del av. Dette er eit flott høve til å bli kjend med arbeidslivet, teste ut kunnskap og lære endå meir, forklarer Siri. Ho legg til at det er tydeleg at Kystverket legg stor innsats i sommarprosjektet og ønskjer at studentane skal trivast og lykkast her.
Siri, Johannes og Helle har arbeidsplass hos Kystverket i Ålesund i sommar. Foto: Lill Haugen / Kystverket.
Helle meiner at Kystverket sitt fokus på miljø og tryggleik langs norskekysten er veldig spennande. Ho er frå Bergen og tek ein master i informasjonsvitskap ved Universitetet i Bergen.
– Hos Kystverket såg eg moglegheita for å læra, og dessutan å bruke kunnskap eg har tileigna meg gjennom studiane til å løysa eit reelt problem. Dette er ein arbeidsplass med mange flinke og engasjerte folk, der takhøgda for innovasjon og læring er høg, fortel Helle.
Johannes understrekar at det er fint å jobba med noko samfunnsnyttig – og set ekstra pris på den tette kontakten med brukarane av programmet som dei lagar.
For å få innblikk i losen sin kvardag vart to av studentane med då eit mindre lasteskip skulle losast frå Ålesund til Åheim. Her er Johannes på brua saman med statslos Frode Orseth. Foto: Jetmund Runde / Kystverket
Samfunnsansvar - og spennande jobb
Dette er andre år på rad at Kystverket har sommarstudentar innanfor så mange ulike tema. Gjennom prosjekta blir studentane kjende med dei mange spennande jobbmoglegheitene i Kystverket.
– Kystverket konkurrerer om dei kloke hovuda i Noreg. Vi må vere framtidsretta, kompetente og brukarretta. Vi ser på dette som ei moglegheit for rekruttering – men også som ein del av eit samfunnsansvar der vi bidreg til at studentane får ny kunnskap og verdifull arbeidserfaring, seier Elise Bakke, stabsdirektør for digitalisering og innovasjon i Kystverket.
Sommarstudentordninga er også eit samarbeid med Sildikon Valley i Haugesund.