Hopp direkte til innhold

Besøk ein fyrstasjon

Bilde av Lille Torungen fyr utenfor Arendal
Lille Torungen fyr utenfor Arendal. Foto: Lill Haugen / Kystverket

Visste du at du kan besøke og overnatte på mange av Noregs fyrstasjonar? Det gjeld både dei som Kystverket eig, og dei som er overteke av andre.

Kystverket leiger ut fyrstasjonane til aktørar som legg til rette for slike aktivitetar. Mange er frivillige organisasjonar som gjer ein stor innsats for å ta vare på og gi fleire moglegheita til å oppleva desse spesielle stadane.

Vi ønsker at kulturarva til etaten skal takast vare på som bruksressurs og vera grunnlag for kunnskap, oppleving og verdiskaping. Kystverket jobbar framleis aktivt med å leiga ut bygningar som er eigna for alternativ bruk og på den måten gjera fyrstasjonene tilgjengelege for allmenheita. Det er fleire fyr som er vanskeleg tilgjengeleg, og enkelte stader er det òg naturfredning, som gjer det vanskeleg med tilrettelegging for slik alternativ bruk.

Av 116 fyrstasjoner er derfor om lag 80 per i dag leigd ut til eksterne entusiastar og aktørar som gjennom verksemda si gjer bygningane tilgjengelege for allmenheita og bidreg til at bygningane blir halde ved like.

Store Torungen fyrstasjon er eit slikt fyr. Det ligg i Raet Nasjonalpark og kan leigast for både overnatting og arrangement. Fyret blir drive i samarbeid mellom Torungens Venner og Aust-Agder Turistforeining. Saman med Lille Torungen fyr på naboøya markerer dei to fyra innseglinga til Arendal by.

Store og Lille Torungen fyr vart bygd samtidig i 1844. Ein bygde to fyr for at dei sjøfarande skulle kunne skilje Torungen frå Jomfruland og Oksøy fyr, som begge hadde eit lys. Kystverket eig begge fyra, og pussa opp Store Torungen fyr i 2020 og Lille Torungen fyr i 2021.

Knut Mørland har frå 2004 vore tilsynsmann, vaktmeister, tilretteleggar, båtførar og, ikkje minst, ambassadør på fyra. Han fraktar gjester frå Arendal og ut til fyra med båten sin «Torungen Adventure».

Status for kvart enkelt fyr og kva ny bruk besøksfyra har finn du på oversikta til Norsk Fyrforening og deira nettside fyr.no.

IMG_3810_torungen fyr_Lill Haugen.jpeg

Store Torungen Fyrstasjon utenfor Arendal. Foto: Lill Haugen / Kystverket

IMG_3709.jpeg

Utsikt fra tårnet.

IMG_3685 Inngang Store Torungen_Lill Haugen.jpg

Innganspartiet på Torungen Fyr.

IMG_3620.jpeg

IMG_3703 kopi.jpg

IMG_3675.jpeg

Utsikt fra fyrboligen

Kontakt

Seniorrådgiver

Siv Senneset /
Til toppen