Hopp direkte til innhold

Kystverket skal bygge verdas første skipstunnel

I dag blei det formelt klart at Stad skipstunnel er inne i Nasjonal Transportplan (NTP) for 2018 til 2029. Dermed skal Kystverket bygge verdas første fullskala skipstunnel.

I samband at NTP 2018–2029 ble lagt fram, blei det òg formelt klart at Stad skipstunnel er inne med midlar i fyrste planperiode (seks år). Berekningar som er gjort i samband med det tekniske forprosjektet gir skipstunnelen eit kostnadsoverslag på 2,7 milliardar kroner. No ligg 1,5 milliardar kroner inne i første del av NTP – for perioden 2018 til 2023.

– Dette er gledelege nyhende, og i tråd med dei anbefalingane som Kystverket har gitt i konsekvensutgreiinga. Det er framleis mange brikker som skal på plass før sjølve bygginga kan ta til, men vi har tidligare uttalt at byggestart tidlegast kan bli i 2019, fortel prosjektleiar for Stad skipstunnel i Kystverket, Terje Andreassen.

Anbefalinga frå Kystverket blei gjort på bakgrunn av prissette og ikkje-prissette konsekvensar.  

Konsekvensutgreiinga og det tekniske forprosjektet er ein del av forprosjektet som Kystverket skal overlevere til Samferdselsdepartementet til våren. Vidare skal prosjektet gjennom ei ekstern kvalitetssikring (KS2), før den skal handsamast i Stortinget. I samband med ei pressekonferanse i byrjinga av mars var det presentert semje blant eit fleirtall på Stortinget for realiseringa av verdas første fullskala skipstunnel.   

Etter at det blei klart at Kystverket skal bygge verdas første fullskala skipstunnel , har interessa for denne nyvinninga vore stor i både inn- og utland.

– Det er tydeleg at det er stor interesse for prosjektet, utover at det er eit sjøsikkerheitstiltak som vil gi sikrare framkome på det mest vêrutsette og farlegaste havstrekket langs Norskekysten. Dei siste vekene har vi servert bilete og intervju til journalistar i Storbritannia, USA, Tyskland, Polen, Brasil, Argentina og Australia. Og interessa blir nok enda større når sjølve bygginga tar til, seier Andreassen.   

Til toppen