Hopp direkte til innhold

Ti år med regionalt samarbeid

For ti år sidan i april inngjekk Kystverket ein avtale med EU sin sjøsikkerheitsorganisasjon EMSA om å etablere eit AIS-datasenter for koordinering av trafikkdata i Nord-Atlanteren. Sidan den gang har senteret blitt utvida til Nordsjøen og Østersjøen, og i dag sender senteret trafikkdata til 17 land.

På oppdrag frå EMSA driftar Kystverket AIS-datasenteret som samlar og koordinerer AIS-data om skipstrafikk i to av tre europeiske overvakingsregionar; Nord-Atlanteren inkludert Barentshavet og Nordsjøen, og Østersjøen. AIS-data blir distribuert til land som grensar til desse sjøområda. I tillegg bidrar Kystverket med satellittbasert AIS-data som gir betre oversikt over skip i større havområder som ikkje er dekka av landbasert AIS.

AIS er et overvåkingssystem som viser skipsbevegelsar i sanntid, deriblant kurs, fart og posisjon. Til ei kvar tid registrerer datasenteret AIS-data frå 17 000–19 000 skip. Desse dataene blir brukt av myndigheitsaktørar i dei ulike landa, til blant anna søk og redningsaksjonar, grensekontroll, avdekking av kriminalitet til sjøs og maritim trafikkplanlegging. Data frå AIS-senteret som er drifta frå Kystverket sitt regionkontor i Haugesund, blir også sendt til EMSA sitt maritime overvakingssenter (MSS) i Lisboa.

‒ Vi har eit viktig ansvar i å drifte eit verktøy som styrkar sjøsikkerheita og vernar det marine miljøet på tvers av landegrenser. Ei større satsing på utvikling og drift av digitale maritime tenester i seinare år har gitt oss verdifull erfaring og kompetanse som også styrkar tilliten til at Kystverket leverer ei effektiv og stabil teneste internasjonalt, seier avdelingsleiar Jon Leon Ervik ved Kystverket sitt senter for los og VTS i Haugesund.

‒ Eit av dei viktigaste verktøya vi har

Analyseeininga i Vardø er ein aktiv mottakar og brukar av AIS-data fra datasenteret. Analyseeininga ‒ eit samarbeid mellom Fiskeridirektoratet og Kystverket ‒ mottek årleg om lag 100 oppdrag frå myndigheiter som Politiet, Tollvesenet, Miljødirektoratet og Skatteetaten for å avdekke mogelege ulovlege aktivitetar og uønska hendingar til sjøs. Eininga har også utført oppdrag for Interpol.

‒ Sidan vi jobbar internasjonalt er AIS-data frå utanlandske kjelder ekstremt viktig. Det gjer oss i stand til å følge skipsbevegelsar og sjå sporingsmønster over større områder, og AIS er eit av dei viktigaste verktøya vi har for å kunne avdekke ulovlege aktivitetar og uønska hendingar, opplyser seniorrådgivar og teamleiar for analyseeininga Bjørnar Myrseth i Fiskeridirektoratet.

Eksempel på type oppdrag som analyseeininga utfører er sporingsanalyser for å avdekke ulovleg fiske og omlasting, ulovleg transport av farleg eller forureinande gods, og bruk av tungolje i verneområde.

Har fått utvida ansvar

AIS-datasenteret blei etablert ved Kystverket sitt regionkontor i Haugesund i november 2010, om lag eit halvt år etter at samarbeidsavtalen med EMSA blei inngått. Formålet til datasenteret var den gang å koordinere utveksling av maritim trafikkinformasjon i havområde utanfor Noreg, Island, Danmark, Grønland, Færøyene og Storbritannia.

I 2016 overtok Noreg, ved Kystverket, også koordineringsansvaret for ytterlegare to AIS-datasentre for utveksling av trafikkinformasjon til land som grensar til Nordsjøen og Østersjøen. Dette resulterte i ei samanslåing av to av overvakingsregionane, Nord-Atlanteren og Nordsjøen. Med det driftar Kystverket i dag to av tre europeiske AIS-datasenter som samlar og utvekslar informasjon om skipstrafikk i europeiske farvatn. Totalt er 17 land omfatta av samarbeidet. Det tredje datasenteret for utveksling av trafikkinformasjon til land som grenser til Middelhavet er drifta av Italia.

‒ Når vi ser tilbake på dei siste ti åra så har det skjedd ei rivande internasjonal utvikling i maritim sektor. Med stadig meir digitalisering ser vi ei større satsing på automatiserte nettbaserte tenester og etablering av større datasenter. Det internasjonale AIS-datasenteret som blir drifta av Kystverket på vegne av EMSA er eit godt eksempel på denne trenden, og korleis ein kan oppnå effektiv og automatisert datautveksling mellom skipsfarten og myndigheiter, seier regiondirektør John Erik Hagen i Kystverket Vest.

Hagen legg til at det på seinhausten er planlagt ei markering av ti år med operativt drift. 

AIS

  • AIS (Automatic Identification System) er eit internasjonalt regulert identifikasjonssystem som blir brukt av myndigheiter til å få kontinuerlig oversikt over skipstrafikk i kystnære områder. Systemet viser skipsbevegelsar i sanntid, deriblant kurs, fart og posisjon.
  • Nasjonalt driftar Kystverket AIS Norge som består av 70 landbaserte AIS-basestasjonar som gir kontinuerlig oversikt over skipstrafikken langs kysten. I tillegg blir data frå satellittane AISSat-1, AISSat-2, NorSat-1 og NorSat-2 brukt til å overvake skipsbevegelsar utanfor Noreg og Svalbard.
  • AIS-datasenteret i Norge koordinerar AIS-data frå Belgia, Danmark, England, Estland, Finland, Frankrike, Færøyene, Island, Grønland, Irland, Latvia, Litauen, Nederland, Polen, Storbritannia, Sverige og Russland.
  • Formålet bak etableringa av eit europeisk samarbeid for utveksling av maritim informasjon er auka sjøsikkerheit ved hjelp av tidleg varsling, auka effektivitet under søk- og redningsaksjoner og meir effektiv gransking av ulykker til sjøs. Det internasjonale AIS-samarbeidet er basert på det europeiske STIRES-konseptet (SafeSeaNet Traffic Information Relay and Exchange System) som er etablert av EUs sjøsikkerheitsorganisasjon EMSA.
Til toppen