Hopp direkte til innhold

Losa gul gigant gjennom trongt sund

Når ein stor plattform skal manøvrerast gjennom tronge sund er det godt å ha ein los eller to. Foto: Magnar Jordåen

Etter å ha venta på godt nok vêr i tre veker, vart den enorme plattforma DolWin Epsilon losa trygt inn til Haugesund i eit uvanleg losoppdrag. Farkosten skal omforma grøn energi frå vindmøller til havs.

Heile sju losar var involvert i planlegginga og losing av den store gule plattforma DolWin Epsilon gjennom det tronge Karmsundet. Etter å ha vore vêrfast i tre veker, vart det endeleg gitt klarsignal på nyåret, og den enorme farkosten kunne manøvrerast trygt inn til Haugesund.

Strenge krav til vêr og vind

– Dette er krevjande operasjonar, spesielt no om vinteren. Det trengs eit vêrvindu på minst tre døgn for at ein i det hele tatt skal få gjennomført operasjonen. Slike store farkostar er svært sensitive for vind og straum. I tillegg krev hjelpefartøyet både dagslys og god sikt for å gjennomføre sjølve «float-on/off», fortel losformann Svein Egil Monsen, som har vore sentral i planlegginga og gjennomføring av oppdraget.

Han fortel at fartøyet Mighty Servant 1 (MS1) er et spesialfartøy for transport av plattformer og riggar, og er laga for såkalla float on/off operasjonar – som betyr at fartøyet ballasterar seg ned til det er mulig å «flyte» på eller av andre farkostar.

 

foto Magnar Jordåen.jpg
Platformen er ein del av det grøne skiftet og skal sende straum til land frå havvindparkar i Nordsjøen. Foto: Magnar Jordåen

 

Skal lage grønn energi

Den gule giganten er rett og slett ein «omformerplattform» som skal brukast i ein havvindpark i den tyske delen av Nordsjøen. Farkosten er bygd for eit tysk energiselskap, og skal ta imot straum frå vindturbinar og omforme den til likestrøm som går i kabel til land. Plattforma er no på plass hos Aibel i Haugesund for å bli utstyrt med avansert teknologi, og der vert den liggande fram til sommaren.

Los Modstein Hansen på den store gule plattformen.jpg
Utsikta frå plattformen er flott - her er statslos Modstein Hansen på dekk under oppdraget.

 

Mange spesialoppdrag

For losane på Karmøy losstasjon er slike operasjonar ikkje uvanleg, og dette var andre gang MS1 gjekk inn til Aibel Haugesund med ein tilsvarande farkost. Monsen fortel at utfordringa denne gongen var kravet om samanhengande vêrvindu på minimum 82 timer, og maksimum vind 15 knop under heile perioden for at operasjonen skal kunne utførast på sikkert vis.

– I tillegg hadde vi frå lostenesta sett vindavgrensing på 12 knop for sjølve innseglinga, samt krav til dagslys og minimum visuell sikt 0.5 nautisk mil. Vinterstid er dette VELDIG utfordrande, understrekar han. Som losformann deltok han i planlegginga og vêravgrensingane på dette lang tid før sjølve anløpet.

Kjempa mot sterk vind

Losbording av «MS1» starta 15. desember, men dårleg vêr gjorde at venteposisjon for fartøyet måtte endrast fire gongar. Det var heile sju losar innom oppdraget, alle med unik kompetanse om lokale forhold, før det endeleg blei gode nok forhold til å gjennomføre.

– Sjølv inne i ytre Hardangerfjord måtte vi «rømme» då det vart meldt storm med vindkast opp i 100 knop! Vi kalla då ut heile fem taubåtar for assistanse, tre i tillegg til de to som allereie var kopla opp. Vinddiagrammet kravde nærare 500 tonn med vindkrefter, i tilfelle vinden kom opp i 50 knop – som den også gjorde i korte periodar i dei verste kasta, fortel Monsen.

Losen monterer ekstra sensor før oppdraget.jpg
Statslos Tore Espeland monterer losen sitt eige navigasjonsutstyr. Sensorane vert nytta på spesialoppdrag der ein ønsker ekstra høg posisjoneringsnøyaktighet.Utstyret er levert av det norsk firmaet AD Navigation. Foto: Modstein Hansen

 

Omfattande planlegging i forkant

Utfordringane med vêret gjorde at det gjekk heile tre veker på dette losoppdraget, men tida vart nytta godt til planlegging. Dei involverte losane hadde daglege møter med kapteinen på MS1, reiarlaget, skipsagenten, folk frå verftet der plattforma var bygd, mannskap frå taubåtane – ja sjølv ein eigen meteorolog var hyra inn.

Då vêret endeleg spelte på lag, hadde losane som deltok med seg eige navigasjonsutstyr, «rigg-koffert», om bord. Dei to losane Modstein Hansen og Tore Espeland var plasserte oppe på dekk på plattforma og bukserte den i fortøyingsposisjon med hjelp av fire taubåtar, etter at float-off var gjennomført av Boskalis eigen loadingmaster.

Losing_Haugensund_foto Aibel.jpg
Stor farkost i trange farvatn. Foto: Aibel

Godt samarbeid med alle involverte

I samråd med losformannen bistod losane i forkant kapteinen på MS1 med å velgje best mogleg venteposisjon, ut frå dei vêrmeldingane som heile tida kom frå meteorologen, i tillegg til å lose fartøyet inn til sjølve float-off posisjon, og ut igjen etter at operasjonen var gjennomført.

– Dette var godt lagarbeid med ei rekke aktørar som jobba veldig godt saman, ikkje minst towmaster fra Bukser og Berging samt mottakaren av plattforma, Aibel. Vi opplevde som vanlig eit svært godt samarbeid med alle involverte, avsluttar Monsen.

Klare for nye oppdrag

Losane som var involvert i oppdraget er Onar Jøsang, Tore Lund, Ole Magnus Benestvedt, Geir Pettersen, Jostein G. Larsen, Modstein Hansen og Tore Espeland.

Fleire spennande losoppdrag ventar dei erfarne losane på Karmøy losstasjon, både når den gule plattforma skal slepast ut i Nordsjøen i juli, samt fleire andre spesialkonstruksjonar som må flyttast i løpet av våren og sommaren.

navigasjonsverktøy_losing.jpg
Losens eige navigasjonsutstyr er ekstra nøyaktig og nyttast ofte til spesialoppdrag som dette. Foto: Modstein Hansen

 

utsikt frå den gule kjempen under losing.jpg
Det er luftig på toppen - plattforma ragar 84 meter, er 82 meter lang og 73 meter brei.
Foto:
 Modstein Hansen

Kontakt

Losoldermann

Henry Djupvik /
Til toppen