Hopp direkte til innhold

Sindre Holberg – eitt år som los

Bilde av Sindre Holberg som er ute på losoppdrag.
Sindre Holberg har jobba målbevisst for å bli los sidan han valde sjøvegen – og er i dag ein av Noregs yngste losar med sine 29 år.

Berre 28 år gamal vart Sindre tatt opp som losaspirant, akkurat som far sin. Men mannskapet pustar letta ut når losen kjem om bord – uansett alder.

No har Sindre Holberg (29) frå Smøla lagt sitt første år som statslos bak seg, medan pappa Odd Marvin Holberg har jobba i yrket snart 30 år. Sistenemnde har no stillinga som losoldermann, og er dermed sjefen til Sindre. Det er framleis diskusjonar på heimebane om kven som var først ut som los, men Sindre står fast på at han var eit par månader yngre enn far sin.  

Losen deler sin kunnskap

Med to losar i familien kan det sjølvsagt bli mykje «losprat».

– Båtdiskusjonar heime har vi alltid hatt og det har det ikkje akkurat blitt mindre no! Særleg i  forkant av spesielle losoppdrag får eg tips og gode råd frå far min. Men det er ikkje berre heime eg får nyttig informasjon. Som ny los blir du tatt godt imot av dei andre losane, og det er låg terskel for å ringe ein kollega for å utveksle erfaringar. Alle deler villig av sin kunnskap, seier Sindre.

Losing av tvillingfartøy_foto Robert Aam_2 kopi.jpg
Sindre på oppdrag. Foto: Robert Aam
Losing av tvillingfartøy_foto Robert Aam_3.jpg

Loskollega Robert Aam la tankskipet «Key Bay» til kai rett før Sindre kom med tvillingskipet «Key North». Dei to losane møttes som losaspirantar og jobber no i samme område. Foto: Robert Aam.

Han starta som losaspirant i Kystverket hausten 2022. Etter eit knapt halvår i praksis vart han uteksaminert som statslos i Møre og Trøndelag losoldermannskap, med base i Kristiansund.

– Som los blir du aldri heilt utlært. Opplæringa held fram i mange år etter dette, med utvidingar av sertifikat, oppseglingar og ulike kurs, understrekar Sindre, som no er ein av Kystverket sine om lag 300 losar.

Vurderte å bli pilot

Losyrket er eit gamalt og tradisjonsrikt yrke, som nyleg markerte sitt 300-årsjubileum. Før i tida var det nærmast forventa at losjobben gjekk i arv i familien. Sjølv om Sindre vaks opp med ein far som var los, låg det ikkje direkte i korta at han også skulle bli los.  

– Eg er definitivt litt «miljøskada». Og heilt frå eg var liten synest eg pappas sin jobb var veldig kul. Samtidig hadde eg også veldig lyst til å fly, og ei periode ville eg helst bli pilot. Men då eg til slutt valde sjøvegen, var målet allereie frå start å bli los, seier Sindre med eit smil.  

Sindre og pappa_2.jpg
Pappa Odd Marvin vart også los da han var 28. Her er far og son ute på losoppdrag saman då Sindre var i praksis.

Meiningsfylt jobb

Pappa Odd Marvin Holberg er sjølvsagt stolt over at Sindre valde å bli los.

– Det er eit flott og positivt yrke, ein jobb som er både spennande og meiningsfylt. Det har nok Sindre sett gjennom oppveksten. I motsetning til dei som seglar på dei sju hav, som er borte frå familie og venner i lange periodar, jobbar losen lokalt og kan framleis vere ein del av nærmiljøet.

– Som los får du dessutan oppleve så utruleg mykje. Når du trur du har vore med på «alt», dukkar det framleis opp heilt nye utfordringar som må handterast. Etter snart 30 år i jobben er eg framleis ikkje lei. Det er i det heile svært få som sluttar som los, og det seier vel sitt, fortel Odd Marvin.

Segla i polare strøk

I fleire år jobba han til sjøs som styrmann og skipper på ulike passasjerskip, blant anna for Hurtigruten. Og hugsar du NRK-sendinga frå Hurtigruten «Svalbard minutt for minutt», har du kanskje sett Sindre før.

– Eg jobba som styrmann om bord då NRK lagde programmet, og det var veldig interessant å følgje ein stor TV-produksjon frå innsida, fortel Sindre. Han har i tillegg jobba på ei rekke andre ekspedisjonsfartøy i polare strøk – både rundt Arktis og Antarktis, der sjøis og isfjell var ei stadig utfordring.

losoppdrag i ruskevær.jpg
Ikkje akkurat Arktis, men losen er ute i all slags vær – og ingen dagar er like.

 

 

 



 

 

 



 



 

 

 

Godt omdømme

Å vere los er den beste jobben du kan ha som navigatør til sjøs, meiner Sindre, og fortel at noko av det han likar best med å vere los er variasjonen. Ingen dagar er like.

– Noko av det beste som «fersk» los er å kome om bord og møte eit heilt nytt mannskap – og få slik tillit. Sjølv om eg er yngre enn 98 prosent av skipperane om bord, har dei ingen problem med å overlate både navigasjon og manøvrering til meg. Eg merkar godt at norske losar står høgt i kurs, sjølv ein ungfole som meg, seier han med eit smil.

Skaper tryggleik om bord

Ei av dei største utfordringane som los er at ein må kunne handtere alle typar fartøy, i all slags vær, inn og ut av ulike hamner og terminalar – kanskje med taubåtar i tillegg.

–  Som los blir du etter kvart ein svært god «shiphandler», for du blir kjent med så mange ulike fartøy. Nokre kan vere tunge å manøvrere. Jobben min er i stor grad å kome om bord og skape tryggleik for mannskapet. Vi møter ofte folk frå utlandet som kanskje aldri har segla langs norskekysten før – eg merkar at dei pustar letta ut når losen er på plass, seier Sindre.

Viktig lokal kunnskap

I løpet av sitt første år som los har Sindre hatt mange forskjellige oppdrag. Og at det framleis er behov for losen, trass i alle digitale hjelpemiddel, er han ikkje i tvil om:

– Nyleg kom eg om bord eit mindre bulkskip med utanlandsk mannskap. Kapteinen visste rett og slett ikkje kvar han skulle. Han hadde planlagt ei rute med GPS-plottar. Men denne ruta gjekk gjennom ein trong og grunn skjergard der han ville gått på grunn. Og målet viste seg å vere ei lita privat flytebrygge, som slett ikkje var dit han skulle, forklarer Sindre, som losa fartøyet trygt inn til (rett) hamn.

Sindre i Vistdal.jpg
Som los må du føre skip trygt inn og ut fra både store og små kaier langs kysten – her er eit stort frakteskip på besøk i den vesle bygda Vistdal i Romsdalen for å hente sand.

Digitale verktøy

– Å få om bord ein los med lokal kunnskap var gull for dei, trass alle dei digitale hjelpemidla. Fartøya får stadig betre tekniske navigasjonsverktøy, men kan også gjere at fleire kanskje tøyer stikken litt lenger. Lostenesta er med på å drive den teknologiske utviklinga framover, og vi har med egne digitale hjelpemiddel om bord. Men når alt kjem til alt, så er den lokale kunnskapen til losen framleis det viktigaste for å sikre ein trygg seglas, meiner Sindre – og understrekar at sjølv om båtane blir stadig større og djupare, er kaiene og hamnene framleis dei same.

Held hovudet kaldt

Å vere los er ikkje ein rutinejobb, ein må trivast i skiftande omgjevnader. Ein av dei viktigaste eigenskapane til ein los er difor å kunne tole stress. – Du utviklar ein god evne til å bedømme situasjonar, raskt. Når du har bestemt deg, er det ingen veg tilbake. Å mislukkast er ikkje eit alternativ, du må klare det.   

Sindre på broa.jpg
Sjølv om losen får stadig fleire tekniske hjelpemiddel, er det framleis viktig å sjå ut vindauget.

Verdens beste jobb til sjøs

Sindre sitt råd til alle som tenker på å bli los er likevel enkelt: Berre søk! – Likar du båtar og navigering til sjøs, å ta ansvar og få stadig nye utfordringar i ein variert jobb, er det berre å søke – du kjem ikkje til å angre. Du jobbar i turnus med to veker på og fire veker av. Det gir meg tid til å jobbe med dei mange andre prosjekta mine mellom spennande losoppdrag, fortel Sindre.

los i solnedgang.jpg
Rundt 300 losar i Kystverket si losteneste sørger for sikker seglas langs norskekysten, 24 timar i døgnet – heile året.

Kontakt

Seniorrådgiver

Jetmund Runde
Til toppen