Hellisøy fyr kan nyttast til utleige for overnatting og eventuell anna verksemd som er med på å gjere bygningane opne for ålmenta.
Fyret ligg utsett til, og som godtgjersle for å leige fyret må leigetakarane halde bygningane godt ved like. Hellisøy fyrstasjon er freda av Riksantikvaren, noko som set visse avgrensingar på kva som kan gjerast og korleis. Sjå meir om dette, og fleire bilete, i Forvaltingsplanen for Hellisøy fyr.
I samband med inngåinga av leigeavtale må ein utarbeide eit driftskonsept, som vert eit vedlegg til leigeavtalen. Skisse til driftskonsept og evne til å halde fyrbygningane i god stand vil derfor vere avgjerande når Kystverket skal velge blant interessentane.
Frist for å melde interesse: 2. desember 2024
Interesserte sender skisse til driftskonsept og anna relevant informasjon til: post@kystverket.no
Kva vi forventar i ei skisse til driftskonsept:
- Driftskonseptet er leigetakaren sin skildring av kva som er føremålet med leigeforholdet og korleis dette er tenkt realisert gjennom drifta av staden. For å kome i betraktning som leigetakar, må dei som er interesserte, utarbeide ei skisse til driftskonsept som vert sendt Kystverket innan fristen. Det endelege driftskonseptet vert utarbeidd i dialog med Kystverket når det er bestemt kven som skal bli leigetakar.
- I skissa til driftskonsept skal det vere ein kort presentasjon av organisasjonen / bedrifta som søkjer. Henvisning til eventuelle vedtekter eller andre føremålskildringar, som kan leggast ved, er ønskjeleg. Dessutan bør det kome klart fram kva som er motivasjonen for å gå inn i eit leigeforhold.
- Den planlagde driftsforma (som til dømes overnatting, dagsbesøk, utstillingar, kafedrift osb.) skal skildrast, og i tillegg korleis søkjar vil ta vare på oppgåva med å formidle fyrhistorie og kystkultur.
- Det er ein fordel om søkjar gir uttrykk for korleis ein vil ta vare på fyrstasjonen sitt særpreg og korleis ein som søkjar opplever stadens sårbarheit og tolegrense.
- Skissa til driftskonsept må og seie noko om korleis ein vurderer økonomien i drifta, og kva kapasitet og kompetanse søkjar har for å drive staden og gjere vedlikehaldsarbeid. Dersom det er aktuelt å trekkje inn samarbeidspartnarar, skal dette omtalast.
Dokument: