Målet er at desse anlegga skal få annan bruksverdi og dermed ny aktivitet som kan kome lokalsamfunnet til gode. Fiskerihamnestatusen har gjeve avgrensingar på kva hamna kan brukast til. Gjennom sal av desse hamnene kan denne statusen endrast og gje alternative bruksmåtar. Dette kan kome lokalsamfunnet til gode gjennom etablering av ny næringsverksemd og høve til fritidsaktivitetar.
Stortinget har beslutta å reversere regionreforma og gjeninnføre statleg ansvar og eierskap i fiskerihamnene. Avhendingsprosessen held frem som før og skjer parallelt med arbeidet med tilbakeføring av fiskerihamnene til Kystverket.
Avhendingsoppdraget vert gjennomført etter Stortinget sine føringar, som m.a. seier at sal av dei ikkje-næringsaktive fiskerihamnene skjer til moglege kjøparar etter følgjande prioriteringsrekkefølgje:
- Statlege institusjonar (vederlagsfri overtaking)
- Kommunale eller fylkeskommunale institusjonar (til takst)
- Foreiningar med allmennyttige føremål (til takst)
- Private (på den opne marknaden)
Det har vore stor interesse for å kjøpe ikkje-næringsaktive fiskerihamner.
Her er liste, med status, for hamner som er i ein avhendingssituasjon per 01.03.2023.
Navn | Kommune | Fylke | Takst | Kommentar |
Valkve | Giske | Møre og Romsdal | 400.000 | Offentlig avklaring pågår |
Haram | Ålesund | Møre og Romsdal | 600.000 | Offentlig avklaring pågår |
Nordre Bjørnsund | Hustadvika | Møre og Romsdal | Ikke taksert | Takseres våren 2023 |
Søndre Bjørnsund | Hustadvika | Møre og Romsdal | Ikke taksert | Takseres våren 2023 |
Edøy | Smøla | Møre og Romsdal | 300.000 | Retakseres våren 2023 |
Navn | Kommune | Fylke | Takst | Kommentar |
Halten | Frøya | Trøndelag | 100.000 | Annonseres for allmennyttige foreninger |
Yttervågen | Osen | Trøndelag | 300.000 | Selges av forsvarsbygg |
Gjerdingen | Nærøysund | Trøndelag | 200.000 | Selges av forsvarsbygg |
Nordøyan | Nærøysund | Trøndelag | 100.000 | Selges av forsvarsbygg |
Navn | Kommune | Fylke | Takst | Kommentar |
Sanna | Træna | Nordland | 300.000 | Avklaring med Træna kommune pågår |
Tind | Moskenes | Nordland | 5000 | Er i dialog med grunneier |
Navn | Kommune | Fylke | Takst | Kommentar |
Grense Jacobselv | Sør-Varanger | Troms og Finnmark | 50.000 | Selges av forsvarsbygg |
Store Ekkerøy | Vardø | Troms og Finnmark | 150.000 | Selges av forsvarsbygg |
Breivik | Hasvåg | Troms og Finnmark | 100.000 | Selges av forsvarsbygg |
Slettnes | Karlsøy | Troms og Finnmark | 5.000 | Selges av forsvarsbygg |
Omgang | Gamvik | Troms og Finnmark | 2.000 | Selges av forsvarsbygg |