Hopp direkte til innhold

Eitt år i den raude losjakka

To loser i rød jakke - far og sønn Torbjørn og Henrik Vinnes.
Henrik Vinnes har valt same yrke som sin far, Torbjørn Vinnes - i dag jobbar begge som los i Vestland losoldermannskap.

Henrik Vinnes (31) frå Sotra er ein av Noregs yngste losar, i eit «gamalt» yrke – som han også deler med far sin. Etter sitt første år i jobben angrar han ikkje eitt sekund på yrkesvalet.

Henrik trivst med å segle langs kysten, og etter fullført losutdanning er han lommekjent langs kysten frå Stavanger til Ålesund. I dette området jobbar han no som ein av Kystverkets rundt 300 losar. – Eg gler meg til kvar dag på jobb, sier han.

– Eg er spesielt glad i avgangane og innkomstane, som eg synest er noko av det mest spennande – og det er jo ein stor del av det ein los driv med, understrekar Henrik.

IMG_9623_Henrik Vinnes_losing_nordlys over Sognefjorden.jpeg

Livet som los kan by på magiske opplevingar – her dansar nordlyset over Sognefjorden.

Handplukka til jobben

Før han vart los jobba han på tankbåt for eit reiarlag som segla på kysten, og treivst godt med det.

– Men eg har alltid hatt lyst til å bli los. Eg kjenner jo godt til yrket, sidan far min også er los, forklarer han.

Losyrket er populært, og det var heile 194 søkarar då han fekk plass som losaspirant hausten 2022. Her kom berre 22 av søkarane vidare, handplukka av Kystverket. Etter kursing og opplæring venta 15 månaders praksis, før han endeleg kunne kalle seg statslos i mars 2023. Siste deleksamen vart bestått i vinter. Snittalderen i losyrket er høg (50 år), og med sine 31 år sine er han klart blant dei yngste losane i Noreg. 

IMG_9625_Henrik Vinnes_losing Breisundet.jpg
I jobben som los er ingen dagar er like. Nye fartøy, nytt mannskap og nye vêrforhold ventar.

Ny dag – ny båt

Etter omlag eitt år i losjakka, er det variasjonen i yrket han set mest pris på.

– Å vere los er langt frå A4. Du veit at du skal på ein båt, i eit visst område. Men du kjenner ikkje mannskapet, og du møter nye folk kvar dag. Det er ein jobb med mykje variasjon.

Henrik har tidlegare vore med faren på fleire ulike losoppdrag, både på lastebåt og cruisebåt.

 – Det kan vere to heilt ulike opplevingar. På cruisebåt er det gjerne tipp topp utstyr og flotte forhold, du får servert god mat og alt er på stell – medan mange losoppdrag er på vanlege, ofte tilårskomne lastebåtar med gammalt utstyr, og ein får kanskje kaffi og ein kjeks, seier Henrik med eit smil.

IMG_9621_losing Husnes_Henrik.jpeg
I aspirantperioden får ein prøve seg på ulike typar båtar, store og små. Dette fartøyet er nesten 200 meter langt

Fint fellesskap til sjøs

Det kan nemleg vere stort spenn i alderen på fartøya som skal losast.

– Det eldste fartøyet eg har vore på var over 40 år, og det nyaste var kun eit par månader gammalt. Det er klart at det er ganske stor forskjell på teknologi og utforming, men som los skal du kunna handtere alle typar fartøy innanfor sertifiseringa di, understrekar han.

Som los møter ein brumannskap frå heile verda, og det kan iblant vere utfordringar med språk og kultur. – Samtidig er vi alle sjøfolk, og har gjennom det ein felles bakgrunn og forståing – og det er eigentleg veldig fint å oppleve, meiner han.

Viktig samarbeid

Han fortel at det er både spennande – og utfordrande – å heile tida handtere nye båtar som ein ikkje kjenner så godt.

– Eg kom frå ein stad der eg kjende fartøya inn og ut. Som los er det stadig nye båtar. Då må eg vera litt varsam i starten og prøve meg litt fram for å sjå korleis fartøyet reagerer. Det er også viktig å ha respekt for at det ikkje er DIN båt, det er kapteinen sin. Med godt samarbeid med dei andre på brua blir vi samde om ein plan og utfører denne, seier Henrik.

Losen i forkant

Og kapteinen har ikkje ALLTID same plan som losen. Då må losen vere i forkant.

– Som los bør du alltid ligge nokre hakk framfor, og justere planen ut frå korleis ting utviklar seg. Eg pleier å legge ein plan A, B og C. Som regel fungerer plan A, men av og til skjer det ting som gjer at ein må endre til plan B. Det kan til dømes vere ei fortøying som går sakte, vêret som set avgrensingar, eller andre ting med fartøyet som dukkar opp, forklarer han.

IMG_9619_Henrik Vinnes losing med taubåt.jpeg
En del fartøy er avhengig av å bruka taubåtar, og losen har tett kontakt med dei.

Unik kompetanse

Losen har ein unik lokalkunnskap om kysten og forholda i sitt område – og nyt stor tillit blant brumannskapet. Sjølv om losen i dag rår over mange moderne hjelpemiddel, er det framleis kompetanse rundt farlei og kyst, vêrforhold og seglingsrutinar som er hovudproduktet frå losen og Kystverket.

– Ein viktig del av jobben som los er skape tryggleik og tillit, og vere den som kapteinen kan lene seg på – «dette fiksar vi»! Det er ein del gjengangarar som vi møter regelmessig, men også mange nye.  Nokon har aldri segla kysten av Noreg før, og treng verkeleg losen – då kjenner ein seg veldig sett pris på. Mange blir også veldig letta når losen kjem om bord og presenterer planen sin. Då blir det god stemning, og det er veldig hyggeleg, seier Henrik.

IMG_9628_losing av ubåt i Korsfjorden_Henrik Vinnes.jpeg

Å lose ein ubåt inn til Haakonsvern er det mest spesielle oppdraget Henrik har hatt til no.

Losa ubåt

Sjølv om ingen losoppdrag er like, er nokre likevel ekstra spennande og kanskje meir utfordrande enn andre.

– Det mest spesielle oppdraget så langt er då eg losa ein ubåt til Haakonsvern. Då sat eg i «tårnet» UTE på ubåten saman med fleire andre. Her er det ikkje alltid tilgang til verken radar eller kartplotter – og losinga måtte gjerast heilt visuelt. Heldigvis var det god sikt og fint vêr, og eg hadde kledd meg godt. Eg hadde nemleg teke ein telefon til nokre gode loskollegaer som hadde vore på ubåt før, og kunne møta godt førebudd, seier han.

Losar må vera dei beste kollegaene i verda! Dei deler meir enn gjerne av kunnskapen og erfaringa si til ferskingar som meg
Statslos Henrik Vinnes

 

IMG_9624_Losbåten kommer_Henrik Vinnes.jpeg
Losbåten fraktar losane effektiv både til og frå oppdrag.

Pakkar sekken og bordar

Henrik bur om lag 20 minutt unna losstasjonen på Viksøy i Vestland fylke. Sjølv om ein los må rykke ut til alle tider på døgnet, prøvar Henrik å ha ein mest mogleg normal dagsrytme.

Ein typisk dag på jobben består av å sjekke losen sitt «bookingsystem» Njord rundt to timar før oppdraget. Då får han tidspunktet, og ordnar transport til losstasjonen sjølv. Lossekken er pakka med det viktigaste ein treng for å kunna vera borte eit par dagar, ladar til telefon, klesskift, toalettsaker og redningsvest.

– Når alt er klart, går eg om bord i losbåten og blir skyssa ut til fartøyet. Eg klatrar om bord via ein leider, og blir følgt opp til brua. Her helsar eg på kapteinen og brumannskapet, fyller kaffikoppen og pratar litt om seglinga, planen og eigenskapane til båten. Deretter snakkar vi litt om forventningar, straumforhold og vêr og vind, og så blir vi samde om ein plan, forklarer han.

Losing inn til Mongstad_Henrik Vinnes.jpg

Henrik losar store tankbåtar trygt inn og ut av Mongstadbase, Noregs største forsyningsbase.

Eit yrke i arv

Skip har alltid hatt behov for hjelp til å segla trygt langs kysten vår, og det har i uminnelege tider vore drive losteneste. Losyrket er mange hundre år gammalt, faktisk heilt frå vikingtida – dei eldste norske føresegnene om losing finst i Magnus Lagabøtes landslov av 1276.

Frå gammalt av var det vanleg at losyrket vart overført frå far til son, ofte gjennom fleire generasjonar. Tidene er endra, men yrket går framleis i «arv» i mange familiar.

Henrik og far hans Torbjørn Vinnes jobbar begge som los i same område, men er knytt til to ulike losstasjonar, Viksøy og Bergen, og har ulike vakter. Far og son møtest derfor sjeldan på jobb, men ikkje uventa blir det ein del «losprat» internt i familien.

– Ja det er klart far min og eg pratar ein del om jobben vår, det gjorde vi før også sidan begge har maritim utdanning. No blir det gjerne litt meir konkret om losing, ettersom vi faktisk har vorte kollegaer, seier Henrik.

Losen – eit viktig sjøtryggingstiltak

Sidan Torbjørn vart los i 1996 har den maritime næringa fått tilgang til stadig fleire digitale navigasjonsverktøy. Men losen har ikkje vorte mindre viktig for å sikra ein trygg seglas langs norskekysten.

– Los er eit yrke der ein ikkje skal vere avhengig av eksterne hjelpemiddel. For alle navigatørar kan oppleve at digitale verktøy sviktar, enten det er bortfall av signal eller andre tekniske feil. Men losen kan operere uavhengig av alt dette – vi losar fartøy trygt til kai uansett. Shiphandlingsbiten blir også meir og meir viktig, og den store motivasjonen min er at du alltid møter hyggelege folk om bord, fortel Torbjørn.

Med snart 30 år som los bak seg, har han heile tida råda sonen å søka til losopptaket.

– Pappa har vore ein inspirasjon og gitt meg god innsikt i livet som los. Eg trur nok også han synest det er kjekt at eg har følgt i fotspora hans, seier Henrik.

Torbjørn stadfestar at han er godt fornøgd med yrkesvalet til sonen.
– Eg ser at Henrik trivst, og eg trur at han om mange år i den raude jakka kan sjå seg tilbake og seia at han gjorde eit godt val, seier han.

IMG_9627_Los Henrik Vinnes.jpeg
Henrik vart statslos då han var 31 år og trivst godt i den raude jakka.

 

Fakta om lostjenesten

• Losen tilfører skip som skal anløpe eller forlate norske havner den nødvendige farvannskompetansen, maritim kompetanse og erfaring for å sikre seilasen i norske farvann.
• Losen gir skipsføreren om bord støtte og råd om sikker navigasjon og manøvrering av skipet.
• Kapteinen har alltid det fulle ansvaret for skipets sikkerhet, også med los om bord.
• Lostjenesten er tilgjengelig 24 timer i døgnet, hele året.
• Lostjenesten utfører årlig rundt 40 000 oppdrag.
• Kystverket har omlag 300 loser i tjeneste, stasjonert ved 25 losstasjoner langs Norskekysten.

Kart over lostjenesten

 

Til toppen