Hopp direkte til innhold

Livet som losaspirant – navigasjon, «loslekse» og logistikk

Siv Oldeide med kollega Roald Kolbjørnsen på brua. Dei er begge losaspirantar og skal ta eksamen i same område.
Siv Oldeide med kollega Roald Kolbjørnsen på brua. Dei er begge losaspirantar og skal ta eksamen i same område.

Siv (29) vaks opp under Måløybrua med skipstrafikken rett utanfor vindauget. Ein dag dukka det opp ei jobbannonse frå Kystverket. No er ho losaspirant i Vestland losoldermannskap, og kan snart lose alt frå fiskebåtar til enorme lasteskip trygt langs kysten.

Med ein variert bakgrunn frå sjøen og ein ekte lidenskap for navigasjon, har Siv Mathilde Oldeide (29) funne seg godt til rette i eit yrke der ingen dagar er like.

– Eg vaks opp rett under Måløybrua og hadde dermed full oversikt over all skipstrafikken som gjekk inn og ut, fortel Siv med eit smil. Ho har alltid hatt eit nært forhold til havet, ikkje minst på grunn av faren, som har jobba på sjøen så lenge ho kan hugse.

– Eg er definitivt arveleg belasta. Heilt frå eg var lita har eg fått prøve meg på sjøen, og var med far min både på reketråling i Skagerak og ringnotbåtar til Murmansk. Det ga meg eit innblikk i det spennande livet på havet, seier ho.

«Fun fact»: Siv starta faktisk sjølivet med å bli sjøsjuk – ein litt upraktisk eigenskap for ein som trivst best på havet. Heldigvis er bølgjene ikkje lenger til hinder for å jobbe til sjøs, forsikrar ho.

Siv på oppdrag med losing av containerfartøy fra Bergen til Ålesund, her tatt i Rovdefjorden på Sunnmøre.

 

Frå jobbannonse til losaspirant

Ho trekk fram tidlege erfaringar på sjøen som ein viktig motivasjon for valet om å bli los. Før ho byrja som losaspirant, jobba Siv i fraktefart og segla mellom Russland, Noreg, Nederland, Skottland og England for reiarlaget Eimskip. Deretter segla ho langs norskekysten og Danmark for Egil Ulvan Rederi.

– Eg var overstyrmann og hadde ei kjempefin tid der eg lærte mykje. Eg fekk også oppleve å ha los om bord i utlandet og sjå deira rolle frå «andre sida», fortel ho.

Etter ein spesielt slitsam dag med dårleg vêr, mykje papirarbeid og lett kaos på jobben, dukka det i desember 2023 opp ei Facebook-annonse som skulle bli eit vendepunkt for Siv.

– Annonsen hadde overskrifta «Vil du bli los?». Eg kjente med ein gong at dette kunne vere noko for meg. Navigasjon har alltid fascinert meg, og eg kjende meg klar for ein ny retning i karrieren, seier Siv.

 

231 ville bli los – berre 22 kom vidare

Å søke seg inn i lostenesta er ikkje for kven som helst. Av heile 231 som sendte inn søknad var det kun 22 som kom vidare gjennom nålauget, og Siv var ein av dei. Alle søkarane måtte gjennom grundige intervju, testar og simulatorøvingar før ho fekk tilbod om stillinga som losaspirant i Kystverket.

– Det var ein omfattande og veldig profesjonell prosess. Likevel vart eg faktisk i tvil då eg fekk tilbodet, fordi eg hadde det i grunnen skikkeleg fint på jobb. Men eg bestemte meg for å takke ja, og det har eg ikkje angra på, seier ho med eit smil.

Reising og logistikk

No er Siv ein av seks losaspirantar i Vestland losoldermannskap, som skal ha sertifikat frå Skudefjorden til Ålesund. Ho er ofte saman med ein av dei andre losaspirantane, og  følger erfarne losar på oppdrag. Slik lærer dei lokale farvatna og førebur seg til tre krevjande eksamenar.

– Ein typisk dag startar med å sjekke skipstrafikken og planlegge aktuelle oppdrag i områda vi skal ha eksamen i. Logistikk er ein stor del av kvardagen vår, med reiser til og frå oppdrag, med alt frå losbåt og buss til fly, gjerne på kort varsel, fortel ho.

Kvitting og bording kan vere spennande i dårleg vær og mørke.

 

Losleksa – hundrevis av år med erfaringar

Mellom oppdraga har Siv nok å henge fingrane i – den såkalla «losleksa» må nemleg puggast.

– Det handlar om å lære seg korleis du kjem deg frå A til B på sjøen. Vi  losaspirantane må lære oss navigasjonen med hjelp av både sjømerker, fyrlykter, og lokale kjennemerker som for eksempel fjelltoppar og naust! Vi får ei grovskisse på rundt 400 sider, som er utvikla av losar gjennom generasjonar, og er blitt brukt i hundrevis av år. Denne kan vi gjere våre eigne notat på og vere med på å utvikle vidare, og det er jo litt fint å tenke på, seier Siv.

Siv er imponert over kor mykje kunnskap som ligg bak arbeidet som los.

– I tillegg til losleksa må vi pugge djupner, namn og plasseringar på rundt 500 kaier her i Vestland. Det krev mykje, men det er utruleg lærerikt, understrekar ho.

 

Utfordrande – og variert

Som losaspirant må Siv handtere både ulike situasjonar, menneske og fartøy. – Det mest utfordrande er når ting ikkje er i orden om bord, og du må tenke raskt og tilpasse deg situasjonen. Samtidig er variasjonen noko av det som gjer denne jobben så spennande, seier ho.

Ho fortel om dagar der planen endrar seg fleire gongar. – Du kan starte med ein plan for å bli med på losing av tre skip, men så blir det forseinkingar, kanselleringar og nye oppdrag. Du må både vere fleksibilitet og strukturert, understrekar ho.

 

Frå "småbåtar" til store skip

Siv likar spesielt godt å oppleve forskjellige fartøy og lære korleis dei reagerer under ulike forhold. – Det er ganske kult å gå frå «småbåtar» på 80 meter, til over 200 meter lange skip. Det gir eit enormt spenn i erfaringar, seier ho.

– Bording og kvitting kan også vere spennande, spesielt i dårleg vær. Det er når losbåten legg seg på sida av fartøyet, for at losen skal klatre om bord – enten til eller frå oppdag. Dette er faktisk noko av det farlegaste ein los gjer, så her er det strenge krav til sikkerheit, både med tanke på opplæring og utstyr, seier ho.  

Siv har også vore på "heiskurs" med helikopter. Av og til må losen bruke helikopter for å kome seg til og frå oppdrag. Det må det også trenast på - er er det ein kollega på veg ned frå helikopteret. Foto: Siv Mathilde Oldeide

 

Personleg balansekunst

Som los er det viktig å utstråle tryggleik og ha kontroll, men også å kunne tilpasse seg ulike situasjonar, miljø og personar.

– Denne jobben handlar om å finne denne rette balansen mellom å vere audmjuk og sjølvsikker. Du skal vere ein trygg og lyttande rådgivar, men samtidig vere bestemt og skjere gjennom når det trengst. Eg lærer noko nytt kvar dag, både om navigasjon og kommunikasjon, fortel Siv.

 

Ung kvinne – ingen problem

Av rundt 300 losar i Noreg er det berre 5–6 kvinner. Ho er også yngre enn mange av kollegaene, for  snittalderen til ein los er rundt 50 år. Men det er ikkje noko Siv tenker på i det daglege.

– Eg merker generelt svært lite til dette når eg er ute på jobb. Men nokre blir i blant ekstra hjelpsame og serviceinnstilte når eg kjem om bord, medan andre kanskje tviler på kompetansen min fordi eg blir presentert som lærling/aspirant. Det  trur eg andre losaspirantar også kan oppleve, meiner ho.  

Los Roger Vik som står som rormann mens aspirant Roald Kolbjørnsen har kommandoen gjennom Vatlestraumen.

 

Meir enn å segle frå A til B 

Når aspiranttida er over, får Siv sitt første lossertifikat og kan lose mindre fartøy på eiga hand.

– Det er krevjande akkurat no, i den litt kaotiske losaspirant-bobla som varer i nærmare 1,5 år. Men eg trivst veldig godt med det. Så ser eg fram til å starte i turnusordninga som losane har, den er veldig god. Ein annan stor fordel med å jobbe som los, er at ein kan fokusere på navigasjon UTAN alt papirarbeidet, som ofte er ein stor del av offiserane sin arbeidsdag til sjøs, seier ho.

Ho meiner losyrket passar spesielt godt for sjølvstendige og strukturerte personar, som samtidig  likar utfordringar og kan sette pris på uforutsigbare dagar.

– Ein ting er å segle frå A til B,  men losen si rolle er meir kompleks. Du får ein variert og spennande kvardag der du verkeleg får brukt kunnskapen din. Det er eit unikt yrke, avsluttar Siv.

 

Fakta om lostenesta

  • Kunnskap for trygg navigasjon: Losen tilfører skip som skal anløpe eller forlate norske havner nødvendig kompetanse for å sikre trygg seilas i norske farvann.
  • Lokalkunnskap: Losen har inngående kjennskap til lokale farvann, strømmer, fyrlykter, grunner og andre forhold som påvirker trygg ferdsel.

  • Utdanning og sertifisering: For å bli los kreves det både praktisk erfaring, omfattende opplæring og flere eksamener.

  • Variasjon i oppdrag: Losen jobber med alt fra små fiskebåter, ulike typer fraktefartøy til store cruiseskip, langs hele kysten, i all slags vær.

  • Råd og støtte til kapteinen: Losen gir skipsføreren om bord støtte og råd om sikker navigasjon og manøvrering av skipet. Kapteinen har likevel alltid det fulle ansvaret for skipets sikkerhet, også med los om bord.

  • Tilgjengelig 24/7: Lostjenesten er tilgjengelig 24 timer i døgnet, hele året, og ufører årlig rundt 40 000 oppdrag langs kysten.

  • 300 loser langs hele kysten: Kystverket har om lag 300 loser i tjeneste, stasjonert ved 25 losstasjoner langs Norskekysten.

 

 

 

Til toppen